Mayesha frå Eik imponerte med nydeleg hennamaling.

Dei fekk fekk eit svært interessant møte med Vaksenopplæringa dei som kom på “Open dag”- arrangementet deira i dag. Dei som var der, gløymer nok seint alt det smakfulle som blei servert både av salt og søtt, ja, med velkrydra gode internasjonale smakar. Her var mykje å bita i, og eit svært variert og spennande utvalg i drikke. Utvalget var overveldande og det var plassert rundt i fleire av romma slik at gjestene kunne forsyna seg etter kvart som dei var på rundstur i lokala.

Astrid frå Belgia/Nederland er ein kunstnar som lagar dei nydelegaste og mest smakfulle kunstverk. Ho har lyst til å starta med butikk med salg av eigenprodusert sjokolade. Her er det lurt å prøva å få bestilla!
Å, kor mykje godt Selam frå Eritrea og læraren Torunn Slettebaken har sett fram. Fantastisk mykje godt laga av elevar frå mange land! Slik bord fann vi fleire stader på rundturen i lokala. For nokre flinke folk!!!

På rundturen fekk dei også informasjon om innhaldet i undervisninga på skulen både gjennom presentasjonar av læreverk og film og biletseriar som blei vist på storskjermar i nokre av klasseromma.

Det var heller ikkje berre matkulturen gjestene blei kjent med frå dei ulike landa. I eit klasserom blei eit flott musikkprogram kjørt i to omgangar. Eit ukrainsk kor sang nydeleg, og blei etterfulgt av flott afrikansk song av Beatrice frå Kongo. Ho blei akkompagnert på tromme av Paulo. Paulo som også er frå Kongo song og spela mykje i kyrkjer i heimlandet, og i dag var det gjestene på den opne dagen som var heldige og fekk oppleva han. Til slutt i konsertavdelinga var det både allsong og dans av Per Spelmann.
Inne i eit klasserom var det ein gedigen utstilling av dokker som ukrainske elevar hadde laga. Også flotte ukrainske drakter var hengt opp og pryda veggene saman med flagget deira.

Gjestene fekk seg verkeleg ei flott oppleving, og dei gjekk heim med betre kjennskap til denne særdeles interessanne og viktige skulen som mange kvinnheringar har litt lite kjennskap til. For ein pensjonist er det svært kjekt å koma tilbake til den tidlegare arbeidsplassen sin og oppleva den stemninga og gode gløden som er i miljøet no. Og denne pensjonisten var ikkje åleine! Fleire andre tidlegare lærarar var på plass. Det same galt tidlegare elevar. Det var veldig kjekt å møta dei igjen, og blant desse var det også fleire som no bur i Uskedalen.

Ein uforgløymeleg skuledag. Bileta får fortelja resten!

Både rektor Lene Gjuvsland Skjelnes, lærar Hilde Olderkjær Røssland, og dei to elevane frå Ukraina var veldig godt fornøgde med dagen. Det hadde dei jammen god grunn til!!
Selam og lærar Torunn sjekkar at læreverk er klare til visning for gjestene.
Mayesha frå Bangladesh og Eik er ein kunstnar med hennamaling. Her er det Margharyta frå Ukraina som får seg eit kunstverk. Viss nokon ønskjer eit kunstverk, er det berre å kontakta Mayesha på tlf. 466 60 972.
Viktoria og Viktoria i ukrainske drakter viser fram mange fine dokker som dei og andre frå Ukraina har laga. Dette er ukrainsk kulturtradisjon. Dokkene kan kjøpast som støtte til hjelpearbeid i Ukraina
Beatrice frå Kongo (t.v.) og Selam frå Eritrea i nydelege nasjonale drakter.
Tre afrikanske damer Beatrice, Selam og Akebereth i koseleg og interessant samtale med Are Uppheim.
Det ukrainske flagget og nasjonale drakter pryda veggen i eit klasserom.
Desse ukrainske damene imponerte med nydelen ukrainsk song.
Det var nydeleg å høyra når Beatrice song med flott innleving.
Det svingar flott når Paulo syng og speler tromme til! Han avslutta delen med dei tre uforgløymelege og vakre songinnslaga.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland