Mange i Uskedalen vil ha glede og nytte av å lesa boka Samfunnsbyggjarane – om entreprenøren Gunnar Røsseland. Kristian Hus si bok er velskriven og oversiktleg frå starten i 1952 til konkursen i 2016. Verksemda var med og bygde lokalsamfunnet på Husnes, men også med oppdrag i Uskedalen. Redaksjonen har freista å få fram ei liste over dei frå Uskedalen som hadde arbeidet sitt i firma. Nokre var der i mange år, andre var berre innnom ei kort tid. Det var for mange som eit springbrett før ein gjekk over i anna arbeid eller starta eiga verksemd. Vi er takksame om du les dette og sender korrektur eller har nye namn. Neste bolk handlar om arbeid G. Røsseland hadde i Uskedalen. Boka kan kjøpast på SPAR Uskedalen.

Trygve Haugland var sjåfør og maskinskøyrar i entreprenørfirma G. Røsseland på 1950 talet, fram til 1957.
Gunnar Røsseland saman med to arbeidarar frå eit oppdrag i Uskedalen. Takksam om nokon veit kva arbeid dette er.
  • Jarleiv Eikeland: Maskinkøyrar. Eit eige kapittel i boka handlar om Jarleiv.
  • Arne Tveito: Formann. Han jobba i G. Røsseland frå 1963 til desember 1993.
  • Lars Myhre: Forskaling, betong, formann. Sonen Ove Magne fortel at då firma hadde arbeid i Matre ( før det kom veg ), gjekk faren over Skaret og sykla heim i helgene.
  • Einar Tysdal: Sjåfør
  • Erling Eik: Forskaling / Betong
  • Bjarne Eik: Forskaling / Betong
  • Ricard Feet: Betong
  • Hans Haugland: Sjåfør på lastebil, men også anna arbeid. Ei arbeidssulukke i 1973/74 sette ein stoppar for seinare arbeid. Saman med Arne Myklebust var han på taket på den eine hallen. I vinden tok ein takplate Hans med i eit fall ned i pukk og stein. Haugland knuste begge anklane. Den eine foten vart heilt stiv
  • Kjell Yri d.e. Skytebas
  • Asbjørn Olsen: Verkstaden, men også anna førefallande arbeid. Olsen jobba hos Røsseland i 8 år. Han var med på å rydda område før den store industrireisinga på Husnes. Han var også, saman med Ola Ljosnes, med på forskaling og støyping av kuppelen på siloen. Det var eit risikofylt arbeid.
  • Ola Ljosnes: Betong og alt mogeleg førefallande arbeid. Var med på arbeidet med kuppelen på oksydsiloen.
  • Torgeir Feet: Verkstad og sjåfør. Torgeir jobba i firma før og etter melitærteneste. Han var også med på ryddinga av område før SØRAL kom.
  • Arvid Døssland: Var med ryddinga av industriområde SØRAL
  • Trygve A. Haugland: Sjåfør og maskinkøyrar. Trygve jobba i firma Røsseland fram til 1957. Han var med på dyrking- og planeringsarbeid, også i Uskedalen.
  • Annlaug Myklebust ( g. Skjelnes ): Kontorarbeid. Ho var den fyrste tilsette kvinne i firma.
  • Arne Myklebust ( Arne på Sanden ): Sjåfør betongbil
  • Oddvar Myklebust: Maskinkøyrar
  • Egil Ersland: Jernbindar 1974 – 1978
  • Tor Øystein Myklebust: Maskinkøyrar
  • Stig Tveito: Var med på forskaling frå 1982. Kom seinare på verkstaden saman med Harald Steinsletten. Stig var også sjåfør på kranbil før han kom på lageret og hadde ansvaret for vedlikehald av alt utstyr.
  • Leif Ottar Tveito: Var mellom anna med på nytt vassverk i Eidfjord, skulen på Hatlestrand og damarbeid på Maurset.
  • Ove Magne Myhre: Sommarjobb. Var mellom anna med på betongarbeidet på Husnes Hotell.
  • Jan Hendrik Hansen – 1967. Var med og bygde opp delelageret. Det var eit omfattande arbeid, alt av deler til alle anleggsmaskinane i tillegg til nøyaktig oversikt over alle redskapar og utstyr. Hansen var sjømann, men hadde eit mellomår hos Røsseland. Det var på den tid han og Liv gifta seg. Både Gunnar og Guttorm Røsseland med koner var gjester i budlaupet deira i Helgheim. Arbeidet vart administrert frå ei brakke som låg litt nord for bustadhuset til Røsseland.

Bruk mobil: 915 31 487 eller e-post: uskedalen.no@gmail.com

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto. Faksimile frå boka Samfunnsbyggjarane/ Kristian Bringedal