Innsamlinga frå Kvinnherad vil ta til med det fyrste. Det vert oppretta ein humanitær korridor frå Slovakia til Ukraina. Dette vil gjera det let seg gjera å senda nødhjelp med trailer, også frå Kvinnherad. Dette fortel Tormod Myklebust på Facebook. THK har vore utan lagerplass ei tid, men til helga vert det opna ny plass hos Kvinnherad Vekstbedrift. Takk til Tor Vidar Sæle i Kvinnherad Vekstbedrift. Nøyaktig tidspunkt for innsamling og mottak vert kunngjort seinare. Sjå annonse og fylg med på Uskedalen. no.

Hjelpesendingane går til ulike plassar i Ukraina, både til fattige og menneske på flukt.

Dersom alt går etter planen går det hjelpesending frå Kvinnherad i april. No gjeld det å få rask hjelp til eit land med 40 millionar menneske som lid ufatteleg. Alt måndag 1.mars køyrer THK traileren fyrste turen med mellom anna madrasser, senger, sengklede, sanitetsutstyr, krykkjer mm og ikkje minst mat. Dette er prioriterte varer. Dersom det vert mykje av dette, vil desse varene også gå med den neste trailaren frå Haugesund.

Vipps nr: THK-stiftelsen:84346, merk:Hjelp til flyktningar.

Tekst/bilete: Redigert og henta frå Facebook THK Nett: Kristian Bringdal

2Vigliv Brandvik og 1 annan