Lokal forskrift med bakgrunn i Smittevernloven § 4,1 vert innført i Kvinnherad frå kl. 00.00 i natt. Forskrifta er mellombels og gjeld førebels fram til midnatt 25. mars. Med dette gjer Kvinnherad som Stord, Bømlo og Fitjar og innfører inngripande tiltak for å hindra smittespreiing. Kommuneleiinga vil bruka helga på å koma fram til kva fylgjer dette får for skular og barnehagar ved evt. oppstart måndag.

Det er i dag, fredag 19. mars, tre nye smittetilfelle, alle med førebels ukjend smitteveg. Arbeidet med smittesporing pågår med full tyngde. Dersom nokon har vore på VITUS apotek på desse datoane: Laurdag 13. mars, måndag 15. mars, tysdag 16. mars eller på Kafe Samspel måndag 15. mars bed ein om kontakt og testing. Dette gjeld dersom ein har symptom. Smittetelefonen er open i helga og det er høve for testing, jamvel på sundag frå kl. 11.30.

Ordførar, kommuneoverlege og kommunedirektør er urolege over situasjonen og bed alle syna godt smittevern. Unngå sosialt samvære. Bruk heimekontor. Det vert innført ei rekkje nedstengingar, rett nok alltid med nokre unnatak.

  • Treningssenter, symjehallane og leikerom vert stengde. Det gjeld også andre aktivitetar som føregår inne, medrekna all idrett
  • Alle øvingar i kor. korps og musikkgrupper vert stengde ned
  • Kino, bibliotek, kulturarrangement vert stengde
  • Det vert innført skjenkestopp
  • Maks tal på møte m.m. er 10 personar. Utandørs: 20 personar
  • Maks tal i gravferder: 50 personar

Les meir på Kvinnherad kommune si heimeside.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal