Det vesle forsamlingshuset Vonheim, 5 km oppe i Uskedalen, er vertsskap for ein hjartestartar som er tilgjengeleg for alle – heile døgnet. Den heng lett synleg på veggen mot vegen, og ein treng ikkje nøkkel for å hente den ut av varmeskapet den heng i. Hjartestartaren er registrert i det offentlege hjertestarter-registeret, og såleis synleg for AMK og i appen Hjelp113 frå Stiftelsen Norsk Luftambulanse. 

Kursdeltakarane samla ute på plassen der hjartestartaren er montert.


Grendalaget har kjøpt hjertestartaren hos firmaet Hjertehjelpen.no v/ Jonny Lygre. Jonny er utdanna sjukepleiar og førstehjelps-instruktør. Han har sidan 2012 drive med opplæring i førstehjelp. I tillegg til å drive Hjertehjelpen.no jobbar han også i psykisk helsevern. I avtalen om kjøpet av hjertestartaren, er det inkludert eit innføringskurs. Dette kurset blei halde i Vonheim i går ettermiddag, med deltakarar frå Haugland- og Musland grendo. 


Det var godt frammøte. No er det mange som kjenner til korleis ein skal bruke ein hjartestartar. Det er god kunnskap å ha både for fastbuande og for dei mange som kjem på besøk oppe i dalen. Jonny Lygre understreka kor viktig det er at vi bryr oss når vi oppdagar at noko er “unormalt” . Det kan til dømes vera at noko kjenner smerter eller at ein person fell og ligg i ein unormal stilling. Det er viktig at ein då faktisk gjer noko. At ein bryr seg og sjekkar ut. Dei fyrste 10 minuttane er særs viktig, like viktig som dei 10 neste dagane på sjukehuset. 

Instruktør Jonny Lygre frå Hjertehjelpen.no


To av deltakrane, Monica og Møyfrid, fekk prøva hjartekompresjon i eit “samarbeid” med hjertestartaren. Hjartestartaren instruerer kva ein skal gjera, til dømes om det skal gjevast straum til pasienten eller ikkje. Slik analysering gjer hjartestartaren kvart 3. minutt. Innimellom analyseringane er det viktig å halde fram med kompresjonane og innpustingar. 


Alle suksesshistorer, historier der alt går bra, startar med at nokon i nærleiken oppfattar at noko skjer – for så å sjekke ut, varsle AMK og sette igang med Hjerte-Lunge-Redning så kjapt som mogeleg. Kjapp tilgang til hjertestarter er også viktig ved hjertestans.

Hjartestartaren ved Vonheim kan brukast både på barn og vaksne. Der er ein knapp – lett synleg, som ein flyttar etter kva som er aktuelt. Jonny Lygre tilrår at vi alle lastar ned 113-appen og gjer oss kjende med denne – også på telefonen til ungane når dei blir gamle nok til å forstå. Når vi ringjer 1 1 3  via appen, så vil  AMK-sentralen kjapt sjå kor vi er. Dermed kastar dei ikkje bort tid på å leite. I tillegg så kan AMK via kamerafunksjonen på telefonen, også få høve til å sjå situasjonen. 

Jonny Lygre med innføringsurs i fyrstehjelp og bruk av hjartestartar.


Hjertestartaren på Vonheim er registrert slik at  både AMK og alle vi andre kan finne denne på 113.no  På kartet viser den som eit grønt hjarte på adressa til Vonheim, med informasjon om kor på adressa den heng. At den er tilgjengeleg heile døgnet er symbolisert med eit grønt hjarte på kartet. Hjertestartarar med grått hjertet, betyr at den ikkje er tilgjengeleg på det tidspunktet – feks pga opningstider. For å kunne registrere hjertestarteren på 113.no, så må den ha ettersyn to gongar i året. Vonheim har sikra seg dette gjennom serviceavtale med Hjertehjelpen.no. 
Hjertestartar er ein viktig lokal beredskap – 24/7 for grenda vår, dersom uhellet skulle ramme.


Når du køyrer “på dalen”, så kikk etter kor den heng Ta gjerne kontakt med ein i styret for Vonheim –  om du ynskjer meir informasjon.

Tekst/foto: Møyfrid Kristoffersen
Nett: Kristian Bringedal