Ingvild Eikeland flytta til Uskedalen - opna fotterapitilbod i Rosendal.
Fotpleiar og fotterapeut Ingvild Eikeland flytta nyleg frå Huglo til Uskedalen. Ein dag i veka, måndag, er ho å finna på Rosendalstunet, der ho har rigga seg til med behandlingsrom. Dei andre dagane i veka pendlar ho til Helseparken i Borggata på Leirvik. Invild er 33 år, fann kjærleiken i Uskedalen, og har i dag fast bustadadresse på Steinsletto.
Ingvild har utdanninga si frå Fot og Helseakademiet i Oslo. Fotperapeut er ein beskytta tittel som krev autorisasjon frå Helsedirektoratet. Behandlinga er ikkje ein del av refusjonsordninga. Det vert arbeidd med ei endring på dette, mellom anna for å fanga opp personar med diabetes.
Ingvild Eikeland fortel i samtale med Grenda at mykje av jobben hennar er å kartleggja og førebyggja fotplager. Difor er tenesta langt meir enn enn velvære og estetikk. Nagleproblem, hard og tørr hud er daglege problem.
Vil du vita meir om Ingvild Eikeland sine tilbod, ring eller ta kontakt slik det kjem fram her:
Dei kan kontakte meg på mobnr 98071843. Epost er eikelandsfothelse@gmail.com. Mykje info og nyheiter og kjøp av digital gavekort på nettsida eikelandsfothelse.bestille.no. Er tilgjengeleg på Facebook/instagram.Online Booking
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Gina Eriksen Albrethson - Grenda