Etter den dramatiske hendinga med den danske stjernespelaren Christian Eriksen har det vore sterk fokus på plassering av hjartestartarar. Det er viktig å vite kor dei er plassert slik at dei kan komma til nytte så fort som mogeleg. I følge ein artikkel i VG mandag er berre 10% av hjartestartarane registrert med plassering i Hjertestarterregisteret. Ingen av dei som er plassert i Uskedalen er registrert.

I følge registeret er dei næraste hjartestartarane plassert ved Best-stasjonen i Dimmelsvik og på SIM på Husnes. Vi veit at hjartestartarar har vore til hjelp i fleire kritiske situasjonar takka vere at lokalkjende folk har visst kor dei har vore plassert.

Det er viktig at dei blir registrert i Hjertestarterregisteret då det er naturleg at mange slår opp i det dersom dei kjem til hjelp i ein naudsituasjon. Startarane kan enkelt registrerast ved å følgje denne lenkja.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Illustrasjonsfoto