SP si liste til Kommunevalet 2023 er klar. Veronica Thorsen frå Valen toppar lista og er dermed partiet sin ordaførarkandidat. Uventa for mange er det at Uskdalen ikkje har namn på lista. Av 35 kanidatar finn vi ingen frå Uskedalen. Så langt vi kjenner til, må dette vera historisk. Bygda har alltid hatt gode namn på SP lista, ofte personar som har markert seg i lokalpolitikken. Tilbake i tid kan vi nemna Torger H. Myklebust og Edvin Kjærland. Elin Legland var fast medlem i kommunestyret, i alle fall i ein periode. Harald Snilstveit, Tor Ove Haugland, Leif Magne Framnes og Kåre Kristoffersen er også namn vi hugsar. SP er fyrst ute med si liste. Vi ventar med spenning på kva namn frå Uskedalen vi vil finna på dei andre listene.

Tekst/nett: Kristian Bringedal