
Ingen bør bada i det indre bassenget i Båthamna.
I det fine veret har det vore samling av born og ungdom som badar i Uskedal båtlag si hamn. Båtlagsstyret gjer merksam på at det kan vera avrenning av bunnstoff frå båtane, noko som er helsemessig uhelding å få i seg. Difor bør ingen hoppa, stupa eller bada i det indre bassenget. Dei som gjer det, gjer det på eige ansvar.
Tekst: Tilsynsansvarleg i Båthamna Foto/nett: Kristian Bringedal