Det er ikkje alltid nok å ha gode kandidatar. Ved kundevalet til generalforsamlinga i Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad på Husnes i går, blei det varamedlemsplassar på både Klara Bakke og Steinar Haugland. Då stemmene frå valet var talt opp, blei Klara Bakke 2. vara medan Steinar Haugland blei 3. varamedlem.
Det blei vald 4 medlemmer til generalforsamlinga. Medan samtlege som blei vald inn i fjor hadde adresser frå Seimsfoss og innover i kommunen, var det denne gongen ytre luten som fekk medlemmene. Alle fire som blei faste medlemmer, samt 1. vara, hadde adresse frå Husnes og utover. Deretter kom dei to uskedelingane.
Kanskje det er håp om at det blir nokre frå den midtre delen av kommunen neste år? Alle som er kundar i Sparebank 1 Kvinnherad og har adresse her i kommunen, kan vera med og avgjera dette.

Resultat av valet:

Tekst, skjermdump og nett: Thor Inge Døssland