Den 20 år gamle informasjonstavla i sentrum må anten fornyast og brukast slik tanken var eller takast bort. Informasjonsskuret har på mange måtar utspelt sin rolle og infopunkta vert berre delvis brukte. Dette var eit av mange tiltak som vart drøfta på idemøte i Uskedal Utvikling i går. Målet med møte var å få til ein prosess i arbeidet med å skapa ei meir triveleg bygd. Frammøte var ikkje det beste, men styret vonar å få fleire med, særleg av dei som er kreative og har tankar som går på pynting, rydding og enkle trivselsfremjande installasjonar.

Uskedal Utvikling har vimplar og blomekrukker i sentrum. Festidalen har sine vimplar og i tida fram til jul vert det montert God jul vimplar. På idemøte var ein elles innom desse tiltaka:

  • Uskedal Bru: Kva kan ein få til med pynting på brua og elles på rekkverk, slik ein ser frå andre bygder i landet.
  • Plenen ved Gamleskulen er fin. Her er det plass til nokre fleire installasjonar.
  • Grana i sentrum: Her trengst det litt stell. Dei nederste greinene ligg på bakken og gjer det vanskeleg å koma til for rydding.
  • Vegetasjon og visuell forsøpling: Kva kan gjerast for å halda vegetasjonen nede og dermed få fram eit opnare og meir velstelt landskap. Visuell forsøpling er eit problem nokre stader, også synleg ved gjennomkøyring i Uskedalen.
  • Halsatoppen med god utsikt er ein ideell plass for gapahuk og aktivitetsutstyr. Hogsten i Kleivadalen har ført til eit opnare landskap.
  • Den gamle Rødsvegen må rustast opp og takast i bruk for friluftsliv og som ein godt brukande gangveg frå Ospelunden til sentrum.
  • Bosdunkane og renovasjon er ein gjengangar. Her trengst det til ei kvar tid rydding og tilsyn.
  • Bord og benker ved Gamleskulen må pussast og beisast.
  • Friluftplassen/ Skårhaug. Uskedal Friluftslag eig og driftar Stemneplassen. Her føreligg det planar for korleis område kan brukast meir – turvegar, gapahuken på toppen og vegetasjonspleie.
  • Framlegg frå Atle Hauge om mellom anna boder for torghandel er sendt over til gruppa.

Styret i Uskedal Utvikling peikar ut ei arbeidsgruppe og arbeidet held dermed fram.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal