Uskedal sokneråd har regien. Alt skal vera klart til den store konfirmanthelga med 70 påmelde jubilantar og presentasjon av dei nye konfirmantane 2022/2023. Eit utdrag av programmet gjekk ut saman med invitasjonen. Det kan likevel vera dei som ikkje fekk dette med seg. Difor kjem eit oppsett under med frammøtetider og innhald.

Laurdag 24. september kl. 15.00: Bygdevandring med fokus på:

Lærargalleriet på Haugland skulemuseum er klart for presentasjon.
  • Sentrum: Busetnad og utvikling
  • Ospelunden: Nytt bustadfelt med einmanns- og tomannsbustader
  • Kort info om Stemneplassen og Bedehuset
  • Gardbesøk hos Svanhill og Lars Haugland – robotfjøs og lausdrift
  • Haugland skulemuseum: Presentasjon av lærargalleriet – to gupper
  • Friheim Gardsmat: Fritt val for dei som ynskjer det
  • Kafe Tiaren: Mat og kaffi. Prisar som på Tiaren. Bilete av konfirmantkulla på skjerm. Allsong.
  • Storleiken på bussen gjer at turen går på Kjærlandssido, ikkje på Døssland

Sundag 25. september

  • Kl. 11.00: Gudsteneste i Uskedal kyrkje v/ sokneprest Kjetil Kringlebotten
  • Dåp
  • Presentasjon – nye konfirmantar
  • Presentasjon – jubilantane
  • Offergåve til konfirmantarbeidet
  • Etter gudstenesta: Middag for påmelde på Vertshuset Perla – helsingar
Konfirmantane 1960.

Ver presis ved frammøte. Ta gjerne med bilete frå konfirmanttida di for å syna på gruppa, men også for fotoarkivet dersom dei har almenn interesse.

Tekst: Uskedal sokneråd
Foto/nett: Kristian Bringedal