Uskedal Utvikling inviterte til møte med lag og organisasjonar i går kveld. Målet var, som i fjor, å koma fram til eit årshjul med oversikt over arrangement, øvingar og planlagde prosjekt i Uskedalen. Det er tredje året Uskedal Utvikling tek tak i dette spørsmålet. Frammøte var rimeleg godt. Nokre melde forfall. Andre høyrer ein ikkje noko frå. På samlinga var desse laga representerte med ein eller fleire medlemer:

Frammøte frå Uskedal Ungdomslag og Uskedal Sokneråd/Singing Tweens.
  • Uskedal Musikklag
  • Uskedal Helselag
  • Uskedal Utvikling/ Dugnadsgruppa/ Kafe Tiaren
  • Uskedal Friluftslag
  • Uskedal Historielag
  • Uskedal Ungdomslag, Fjelly og Ungdomsklubben
  • Uskedal Idrettslag/ Aktivitetshuset
  • Vonheim
  • Uskedal Sokneråd/Singing Tweens

Meir informasjon frå møte kjem i seinare innlegg. For dei som ikkje hadde høve til å vera der, meld inn arrangement til Uskedal Utvikling.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal