Vi treng ein liten dugnad på Kunsten. Vi må fjerna gras og mose langs kanten, samt fjerna gras der det kjem opp på matta. I tillegg må vi plukka stein og evt bos. Stein kan evt kastast i skråning mot gjerde ved nord/vestre langside. Bos går i bosdunkane. Det er få lag som trenar fast på Kunsten og banen blir i dag i hovudsak brukt i skuletida og på fritida av bygdafolket. Vi oppfordrer alle, som har tilknytning til område eller dei som brukar banen, til å ta seg ei økt. Både foreldre og barn.

Ei av oppgåvene er å få veks gras som veks i kantane på kunstgrasmatta.


Vi prøver no å få til ei dugnad, der folk møter når dei har tid sjølv. Ta med foreldre/barn og avtal gjerne med nabo og venner og ta ei økt. Ta gjerne med plenrive og kost. Vi må alle ta ansvar.

Vidare kjem ei påminning ang bruk av mål. Alle måla skal stå faststroppa langs gjerdet mot barnehagen. Dersom desse vert brukt, skal dei setjast tilbake etter bruk. Vi går inn i ein periode der vi kan forventa ein del vind. Dersom alle mål ikkje er sikra, vil dei vera til fare for forbipasserande, samt at dei kan verta øydelagd. Om dette ikkje blir overholdt, må vi låsa måla fast, slik at dei ikkje kan nyttast utanom faste treningar.

Til informasjon, er det viktig at barn ikkje dreg steiner og pinnar inn på pumptrack. Dette blokkerer dei små hjula på skateboard og sparkesykkel, og det er lett å falla. Videre skal det ikkje vera store steiner inn under klatrestativa. Leik med sand og stein må gjerast i sandkassen og ikkje her.
Lær barna opp opp til rydding etter bruk.

Og til slutt, ei kraftig påminning om at folk må ta seg saman og ikkje kasta søppel på bakken. Det skulle vera unødvendig å sei det. Men av og til ser det ut som ein svinesti langs kunst’n eller ved pumptrack. Ta ein alvorsprat med dei håpefulle, for det er mange det gjeld.

Ver merksam på anleggsarbeid med installasjon av ballnett. Ingen må klatra i forskalingane.

Vi har litt anleggsvirksomhet pågåande ved Aktivitetsparken. Vi har støypt fundament til ballfangernett og vi er i gang med ny ballbinge. Det er viktig at foreldre informerer barn om at dei ikkje må klatre på forskaling eller klatre/bruka grus og steiner her, då dette ikkje er sikra mot fall.

Håper vi ser dåke til dugnad med rydding ved Aktivitetsparken. Ved spørsmål, ta kontakt med Per: 48160803.
Og så gleder vi oss over ein fin og trivelig plass å vera.

Per Korsvold

Tekst/foto: Melding
Nett: Kristian Bringedal