Info om salg av Uskedalsbøkene framover.
Bøkene kan framleis kjøpast for sending.
Etter boksleppet 4. november har Uskedal Historielag hatt stand på Spar Uskedalen og delteke på lokalbokmesse på Husnes, på “Jul i Rosendal” og på det flotte arrangementet ved tenninga av julegrana her i bygda sist fredag. Det har vore salg og profilering av begge bøkene. Historielaget har ikkje planar om å delta på fleire slike arrangement fram mot jul. Men bøkene vil vera lett tilgjengelege. Bildet er frå “Jul i Rosendal”.
Her lokalt er det berre å ta ein tur på Spar Uskedalen. Dei sel både bok 1 og bok 2. Begge bokhandlane har bøkene så viss ein er på julehandel på Husnes eller i Rosendal er det gode alternativ. Om ikkje dette passar, er det berre å ta kontakt med ein i skriftstyret (932 88 237) så blir det enkelt ordna.
For dei som bur utanbygds blir bøker framleis sendt med posten. Då er det berre å vippsa beløpet til 76 38 03 eller betala inn på konto 3207.37.52026. Kvar bok kostar 300,- og så kjem 90,- for porto i tillegg uavhengig av antal bøker. Hugs å skriva kva bok det gjeld, og fullstendig adresse. Ta gjerne kontakt på tlf. 932 88 237 om det er spørsmål.
Det er veldig kjekt når utflytta uskedelingar tar kontakt. Seinast laurdag var det ein som kontakta oss. Han hadde kosa seg med boka si og bestilte 3 til som julepresangar. Dei blir sendt i posten i dag.
Elles går salget svært godt. Det er allereie gått ut noko over 400 bøker av den siste boka. Av bok 1 er det 17 igjen på lager, skriftstyret har 9 for salg og elles er det bøker å få kjøpt både på Spar Uskedalen og litt av den første boka hos bokhandlane i Rosendal og på Husnes.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.