Snøsmelting og mykje vatn dei siste vekene har ført til at båtar som ikkje er sjølvlensande, er fylte til ripa med vatn. Båtlaget sine tilsynsmenn er merksame på dette. Dei går rundar og inspiserer. Ein av dei, Jostein Hauso, bed båteigarane ta turen til hamna for å sjå til korleis det står til. I dag er ein båt på plass 43 lensa. Eigaren er ukjend. For dei som vil gjera seg kjend med situasjonen, gå inn på Facebook Uskedal Båtlag. NB: Bilete er ikkje frå i dag, men for ei veke sidan.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal