Ikkje loddsalg og boksalg ved SPAR Uskedalen på laurdag.
Det blir ikkje loddsalg og boksalg ved SPAR på laurdag slik det tidlegare er blitt annonsert. Grunnen til dette er at det er starta anleggsarbeid ved inngangen, noko som er starten på spennande utvikling ved den gode butikken vår.
Til dei som ikkje har sikra seg lodd i vedlotteriet til Uskedal Friluftslag enno, kan vi sei at det blir loddsalg under konserten på Stemneplassen 17.juni. Dessutan kan lodd kjøpast ved vipps (60 55 65, Uskedal friluftslag), eller ved å ta kontakt med Jofrid Eik.
Dei lokalhistoriske Uskedalsbøkene “Den nære fortida” 2 & 3 kan kjøpast på Rabben Feriesenter eller på Spar Uskedalen. Kvar bok kostar 300,-kroner, men det er eit tilbod til dei som kjøper begge bøkene. Då kostar dei 500 kr til saman. Betaling skjer helst med vipps (76 38 03, Uskedal Historielag), men viss nokon ikkje har vipps vil betjeninga vera behjelpeleg med å ordna betalinga på annan måte. Bok 1 er dessverre utseld.
tid.