Rododendroen på Endregård er den største, men ikkje den eldste i sitt slag i Uskedalen. Då må vi ta turen til Brit Hallaråker og Jostein Grov på Nausthaugen. Fotodokumentasjon syner rododendroen som ung plante i 1895. Etter nokre år med litt svak vekst, har planten teke seg opp og står fram i all sin prakt i år, før bløminga er over for denne gongen. Rododendroen på Nausthaugen er heile fire meter høg.

Det var Jørgen Thunold frå Nordfjord, gift med Marianne Arnesdotter Eik, som feste plassen då han var lærar i Uskedalen. Thunold var ein drivande og omtykt lærar som mellom anna la vekst på at elevane skulle læra av det dei såg og opplevde i nærmiljøet.

Han var småbrukar og fruktdyrkar og levande oppteken av fråhaldssak og indremisjon. Frå 1879 og til han døydde i 1925 var han sekretær i Indremisjonssamskipnaden.

Bilete syner rododendroen midt i motivet som ung plante i 1895.

Med dette avsluttar uskedalen.no serien om planten rododendro for denne gong, om ikkje noko uventa og nytt dukkar opp.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Jostein Grov