Vi oppfordrar alle til å skriva berre uskedalen.no i adressefeltet når de skal inn på sida. Sjekk at det står berre uskedalen.no(bildet over) og IKKJE uskedalen.no/no, før de gar inn på sida. Viss de hadde den gamle uskedalsida blant favorittane, må de sletta den av same grunn. Deretter legg de uskedalen.no som favoritt.

Grunnen til det er at viss det brukar den gamle adressa(uskedalen.no/no), kjem de inn på ei spesiell sak, og ikkje på startsida. I tillegg til at det er tungvindt, gjer det også at nokre saker får altfor mange treff. Dermed vert oversikten over dei mest populære sakene som står på sida feil.

På grunn av at ein del framleis brukar den gamle adressa, er desse to sakene blitt dei mest populære på sida. Bruk berre: uskedalen.no

Første tida gjekk alle som brukte uskedalen.no/no rett inn på saka om endringar i helselagsstyret. No ser det ut som dei hamnar på saka om venteliste for vaksinasjon. Derfor figurerer desse to sakene noko urett som dei to mest populære.

Vi ønskjer å få spalta over mest populære saker til å fungera. Det vil også vera interessant for lesarane. Derfor oppfordrar vi alle til å sjekka at det berre står uskedalen.no i adressefeltet. Det er mange som har Uskedalsida som favorittar, og dei blir sterkt oppfordra til å gjere endringa slik vi skisserte.

Lukke til, og kos dåke med sida. Kom gjerne med gode bidrag.

Tekst, skjermbilde og nett: Thor Inge Døssland.