Ikkje berre rullepark, men også akebakke.
Område ved rulleparken og grøngrasbanen er godt eigna til aking. Sidan snøen kom for ei veke sidan, har det vore stor aktivitet i akebakken. Starten er i Geilovegen. Målområde er ved rulleparken eller ut på sjølve banen. Terrenget er høveleg bratt. Alle, små og store, kan utan fåre bruka bakkane. Elevane på skulen og borna i barnehagen akar i friminuttane og elles når dei har utetime.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal