Med bakgrunn i den dårlege standarden på fylkesvegen mellom Herøysundet og Uskedalen var det lova oppretting og ny asfalt. Den verste fartshumpen i Kvinnherad som ligg ved busslomma, var med på utbetringa. No kjem det kontramelding. Midlane på årets budsjett er brukt og asfalteringa må venta. Lars Martin Feet har jobba grundig med denne saka og er i dag skuffa over svaret frå Fylkeskommunen. I samtale med uskedalen.no der vi også har fått tilgang til e-postane hans, seier Lars Martin at dette vitnar om dårleg planlegging og samhandling.

Slitasje på vegbanen gjer at det er stor fare for vassplaning.

På toppen av alt er fylkesvegen i Vågabrekko i ei 80 sona frest opp og gjort klar for asfaltering. Det same gjeld for fleire oppsitjarar langs vegen der innkøyrsler er frest. Lars Martin Feet har også ved fleire høve, mellom anna i mars i år, påpeika manglande vedlikehald når det gjeld kummar som ligg i vegbanen. Svaret er at lokal entrprenør skal sjå på det.

Fartshumpen ved busslomma er truleg den verste i sitt slag i Kvinnherad.

Då står det att å sjå om det vert gjort noko med fartshumpen i sentrum. TIDE- og andre yrkesjåførar har peika på at dette er den verste fartsdemparen i Kvinnherad. For dei som evt. ikkje kjenner plassen og dempar farten kraftig, kan passeringa vera til skade både for bil og person.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal