Haugland og Musland eig og driftar forsamlingshuset Vonheim. Tek du turen på dalen og kjem til Vonheim og Haugland skulemuseum, legg du merke til kor idyllisk og velstelt det er på plassen. Blomedekorasjon pyntar opp, men trappa treng oppussing og restaurering. Difor er spørsmålet: Kan dette vera noko for Dugnadsgruppa eller ein annan frivillig med kunnskap om betong og gamal murpuss.

Haugland skulemuseum er i kommunal eige. Det er meldt frå om nokre tiltak som må gjerast for å halda plassen fin og ryddig. Leikeplassen må slåast og ei takrenne må vølast. Kyr og kviger på beite lagar miljø og gjer at plassen er fin å koma til for born og vaksne.

Trappa treng oppusssing. Kven tek denne oppgåva ?

Plassen ved Vonheim vert meir og meir brukt til parkering for fiskarar og klatrararar i Ulvanoso. Styret for huset har difor innført parkeringsavgift, ei sak uskedalen.no vil koma tilbake til i eit eige innlegg.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal