I november i fjor starta Anders Bakke Berntsen si eiga coaching verksemd, fyrst tenkt som ein hobby på kveldstid. Stor interesse og gode tilbakemeldingar har auka motivasjonen til å gjera noko meiningsfullt for andre. Difor er Anders no 100 % engasjert som fysisk og mental coach. Mindre kjend er det at det store førebilete hans frå barndom og oppveksten i Uskedalen er Tordis Myklebust, den spreke dama frå Holmen som gjekk sine daglege turar i fjellet.

Anders Bakke Berntsen ( 30 år ) fortel i samtale med uskedalen.no at han saman med familien bur i Vestby kommune, med kjærasten Ingrid, sonen Brage på 1,5 år og hunden Kira. Anders er utdanna idrettspedagog, lærar og personleg trenar.

Gjennom utdanning og arbeid har han fått mest erfaring med diagnostiserte pasientar/klientar. Det kan vera menneske som slit med kreft, hjarte-, og karsjukdom, angst og depresjon. Tidlegare arbeid på Valen Sjukehus har vore god erfaring å ta med i arbeidet no.

Anders Bakke Berntsen leiger treningslokale i Gym 1540 der han trener brukarane sine. Aldersgruppa kan vera mellom 25 og 55 år.

I seinare år har har Anders hatt arbeidet sitt på treningssenter, skule, sjukehus og rehabiliteringssenter, for det meste på same tid som han studerte. Som personleg trenar og coach hjelper Anders andre med å nå ulike målsettingar. Desse er ofte treningsrelaterte, men nokre klientar set seg også målsettingar innan andre arenaer som til dømes arbeidsliv. Ein av klientane har fått gode rutinar på effektiv trening, men samtidig arbeida strukturert med å utvikla seg som eigedomsmegler. Vedkommande får no merksemd og gjer det godt på nasjonalt plan. Det er gøy.

Anders Bakke Berntsen tilbyr personleg trening og coaching. Det kan vera heime hjå klienten, på treningssenter eller online. Grad av fysisk aktivitet har stor innverknad på livskvalitet og funksjonsnivå når ein blir eldre. Det skal faktisk ikkje så mykje trening/fysisk aktivitet til. Forsking syner at enkelte treningsformer fører til betre livskvalitet, ein vert meir lukkeleg og minnefunksjonen vert betre. Sjansen for å få ulike sjukdomar vert redusert. Helse er ferskvare og det er aldri for seint å starta trening.

Anders fortel at det store førebilete hans i barndomen var Tordis Myklebust. Han minnest framleis dama med fint driv opp lia til Ådnaklett og Storhaug. Ofte skulle ho lengre. Det var eit fysisk og mentalt driv dei færraste kunne visa til i hennar alder. Ho hadde alltid tid til ein hyggeleg prat, men det var så vidt, for etterpå skulle ho heim og arbeida i hagen. Ho lærte Anders tidleg at regelmessig trening/fysisk aktivitet, uavhengig av alder, gir resultat. Tordis har framleis sine daglege turar.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat/ Gym 1540