Dette er ei viktig melding om at Uskedal Idrettslag treng forballtrenarar om ein skal halda oppe tilbodet til born og ungdom. Det er Isabell Stensletten i fotballstyret som skriv dette til uskedalen.no i dag. Uskedalen har fleire engasjerte forballspelarar, men laget manglar trenarar. Det er trist dersom born og ungdom må slutta med fotball om ein ikkje maktar å finna trenarar.

Fotabllstyret oppmodar sterkt til at nokon som har lyst og interesse, snarast melder frå til Isabell Stensletten på mobil 48058703. Det vert lagt opp til møte med hovudstyret der oppmenn og trenarar møtest for å laga ein god plan med kjekk fotballglede for borna i bygda. Denne samlinga vert i denne månaden.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal