I 2027 rundar Uskedal Idrettslag 100 år. Sjølv om det ikkje blir noko vanleg lagshistorie, vil nok dette prega noko av innhaldet i bok 5 i serien “Den nære fortida” som kjem ut dette året. Planar og arbeid fram mot dette er allereie i gong i Uskedal Historielag.
Fleire som har gjort ein stor frivillig innsats i laget vil bli intervjua, og såleis håpar ein å få fram mykje av lagshistoria. Førstemann, Harald Sunde, er alt intervjua. Han hadde ikkje noka stor karriere som back på fotballaget, men han har seinare gjort ein formidabel innsats som frivillig og tillitsvald i dette laget. Ein smakebit av det Harald fortalde, er no lagt ut som ein videosnutt på facebooksida til Uskedal Historielag. Fleire intervju står for tur.
For at dette skal bli vellukka, er vi avhengige av at mange er flinke med å låna oss bilde frå idrettslagshistoria. Vi skannar dei, og de får dei raskt tilbake. Ta kontakt direkte med eit medlem i skriftstyret, på epost uhl.skrivar@gmail.com eller mobil 932 88 237. Vi er også svært interessert i kjekke minne og idrettlagshistorier. Ta kontakt, skriftleg eller munnleg. Sjølvsagt er det særs kjekt om nokon vil skriva noko som dei ønskjer med i boka. Bildet øvst er frå juleoppvisninga til barneturnarane i 1985.

Dette bildet fekk vi overlevert i går frå Gunnvor Myklebust som kan sjå tilbake på gode, aktive år som frivillig i laget etter at ho flytta til bygda i 1965. Ho hadde også bilde av då fana blei overrekt til laget.
Med innhaldet i bok 5 håpar vi at “Den nære fortida” skal vera godt dekkande av Uskedal Idrettslag sine første 100 år. Det vil supplera artiklane som har vore i dei 4 føregåande bøkene i serien.

Tekst: Uskedal Historilag
Fotoeigar: Gunnvor M. Myklebust
Nett: Thor Inge Døssland