Styret i Uskedal Idrettslag har vedteke å avslutta arbeidet med eiga heimeside. Det vart for tidkrevjande og kostbart å drifta ei eiga heimeside for idrettslaget. Årleg kostnad var kring kr. 20.000.-. I drøftinga om ei fornya uskedalen.no kom det tidleg fram at idrettslaget ville finna ei løysing for samarbeid der ein fekk lagt ut viktig lagsinformasjon. Bilete syner skirenn med stor deltaking frå Uskedalen.

Geir Enes ( her som frivillig på Festidalen ) er presseansvarleg og kontaktpersonen til uskedalen.no.

Geir Enes, som er PR ansvarleg og kontaktperson i høve til uskedalen.no, fortel at den beste løysinga er å ha ei kortfatta informasjonsside om idrettslaget på uskedalen.no der ein informerer om tilboda i laget og kontaktinfo til styret og gruppeleiarane. ( Sjå fana UIL )

Vidare ynskjer ein å publisera ulike artiklar om arrangementa og om lagsaktivteten. Styret i idrettslaget vurderer det slik at det er betre å nytta uskedalen.no som ein felles portal for informasjon om aktivitetar og tilbod i Uskedalen, enn at kvar organisasjon skal ha sine eigne heimesider.

På uskedalen.no finn de Uskedal Idrettslag under fana UIL. Saker som vert definert som nyhende, vert skrive om på vanleg måte, slik det har vore til no. Redaksjonen vil invitera til kurs i bruken av nettsida. Målet er å få fleire til å skriva og levera stoff til uskedalen.no. Dette gjeld ikkje berre idrettslaget, men også andre som har trong for å få ut informasjon.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto