Før var det eit vanleg syn med farty i fast rute på Uskedalen med trelast, murstein, sement og andre byggevarer. Særleg på Eikelandet, men også etter at Uskedal Trelastlager flytta til Beinavikjo, kom det skuter og la til kai og lossa sine varer. Med varetransport på veg, vart det slutt på denne trafikken. Men i førre veke dukka det opp ei tidlegare ferje med namnet GJØA. Oppdraget var å lasta takstein og andre materialer for ny hytte på Skorpo.

MS GJØA i fint driv på fjorden, ei skute vi truleg vil sjå meir til i tida framover.

Det er Byggmeister Stensletten som har byggekontrakten. Fartyet høyrer i dag heime på Austevoll med Geir Eidsvik som skipper. Firma tek frakteoppdrag i Kvinnherad og vil i framtida koma til å sjå GJØA i Storsund på sine seglasar framom Uskedalen.

Historikken er at ferja er bygd i 1966 på Ulstein Mek verkstad, den gongen som JØA, etter namnet på øya i Nord Trøndelag der diktaren Olav Duun kom frå. Ferja gjekk for Namdalen Trafikkselskap i ulike samband. I 1999 vart skuta seld til Haus i Hordaland og fekk namnet RØAR. Seinare var det tilbake til det opphaveleg namnet før det vart GJØA med G i 2011.

Motorskipet GJØA er på 96 brt.n vel 21 meter lang og med ei breidde på 7,4 meter. Ferja var i si tid sertifisert for maks 10 personbilar og 40 passasjerar.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kristian Bringedal/ Øystein Enæs