Uskedalen.no fekk vera med Stian Haugland i traktor rundt Dalen. Del 1 handla om Døsslandsido. No held turen fram på Kjærlandssido. Som på Døsslandsido kan det vera krevjande å ta seg fram, både på fire hjul, to hjul og for gåande. Vegen er nedsliten og påført skade ved fleire punkt. Redaksjonen er kjend med at ansarleg for kommunalt vegvedlikehald er orientert og kjenner status på vegen.

Skilt tett i vegkanten og på “halv åtte “.
  • På Myklebust er det montert to fartsskilt tett i vegkanten. På utstabilt fundament står det eine skiltet på “halv åtte “. Avstanden mellom skilta gjer at det er smal passasje. Ei brei last vil ta borti.
  • Om lag på same plassen er det store hol i asfalten. Noko er utbetra, men det må vera mellombels. Med vatn i vegbanen er det snart tilbake til slik det var.
  • Bentongklossane langs vegen er som ein vegg som skal samla vatn i grøftene. Dei er støypte og sett opp tett i vegkanten. Dei utgjer eit trafikkfarleg punkt. Dei er ikkje merkte, slik det er påpeika, og kan såleis føra til ulukker, særleg i myrke.
  • Autovernet i Leirholo er rusta og defekt. Føringskanten mot elva er låg og delvis skadd.
Betongklossane tett i vegkanten kan vera eit kritisk punkt. Dessutan er dei ikkje merkte.
Autovernet og føringskanten i Leirholo fungerer dårleg.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal