I traktor saman med Stian Haugland frå Uskedal bondelag var uskedalen.no med på ein tur rundt Dalen. Turen starta på Haugland, gjekk ned på fylkesvegen på Døsslandsido og opp på kommunal veg på Kjærlandssido. Det var litt av ei påkjenning fysisk. Vegen er totalt nedsliten Vegbanen er ujevn og humpete. Masseutskifting ved Døsslandshaugen gjer at heile vegbanen er ustabil. Autovern montert på innsida av Storebru reduserer breidda. Det fører igjen til at bussar og større vogntog ikkje kan køyra Døsslandssido. Traktorar med redskapar som har godkjend breidde, kjem seg knapt over.

Eit skilt her gjer det ikkje enklare å passera utan å ta spegelen.

Dette innlegget handlar om den fylkeskommunale vegen på Døsslandssido og på Haugland.

  • I smoget på Haugland er det montert eit skilt tett i vegbanen. Her må ein vera merksam. Om ikkje tek du spegelen og påfører traktor og større bilar skade.
  • Neste hindring er autovernet montert på innsida av Storebru. Lovleg breidde på traktorredskap etter veg er 3,47 m. Maks breidde etter autovernet kom, er 3,50 m. Her har ein med andre ord ei klaring på 3 cm.
  • Masseutskiftinga ved Døsslandshaugen har alt ført til ujevn vegbane. I kvar ende er det humpar som fører til stor bevegelese i traktoren.
  • Ved Djupehølen er det stor slitasje og skade på vegen. Vassdammar fører til sprenging og utgliding. Vegen er ustabil noko køyrande kjenner godt ved passering.
  • Ved Blåhaug er kanten ustabil og vegbanen kan rasa. Det same gjeld på Musland i Flato. Her er det rett nok gjort nokre utbetringar.
  • Ved Gravene er det montert autovern på innsida av stabbesteinane, noko som minskar breidda og gjer det vanskeleg å koma fram.
Eit autovern montert på innsida og i tillegg til eksisterande rekkverk gjer at bussar, vogntog og traktorar med litt større redskapar ikkje kan passera.

Uskedal bondelag har ved fleire høve meldt frå utan at det har ført til utbetringstiltak. Uskedalen.no føl opp denne saka med fleire innlegg og spørsmål til ansvarlege for vegvedlikehald.

Vegen ved Djupehølen er eit anna kritisk punkt. Her må ein leggja seg mest ut i grøfta for å passera utan skade.

Alle som ferdast på vegen, anten med sykkel, bil eller traktor, må vera merksam. Her kan du påføra bilen og deg sjølv store skader.

Her kan det bli velt på sykkelen.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal