Det vert jobba på spreng med klargjering til den store køyretykortesejen i morgon, 17. mai, med start kl. 14.00. No handlar det om reingjering og pynting av køyretyet. Påmeldinga er langt betre enn i fjor. Komiteen bed alle møta fram på Børneset seinast kl. 13.30 for registrering og oppstilling før avgang nøyaktig kl. 14.00. Bilete på topp syner den fyrste John Deere traktoren i Uskedalen, i Olav A. Myklebust si eige.

Det fyrste innlegget om det populære 17. mai innslaget var alt 27. april. No er det ei påminning og litt oppdatering. Alle vert delte inn i grupper slik:

  • Brannbil
  • Moped/motorsyklar
  • Bilar av ulike slag – alt frå veteranbilar til ambassadebil
  • Traktorar med og utan redskapar
  • Veteranbuss
  • Militære køyrety

I skrivande stund jobbar Roy Døssland og Runar Myklebust med klargjering av John Deere traktorar. Den eldste av dei er ein John Deere 1130 1976 modell. Det var den fyrste John Deere taktoren i Uskedalen, i Olav A. Myklebust si eige og kjøpt gjennom Samyrkjelaget i Uskedalen.

Roy Døssland med sin John Deere og høyball i raudt, kvitt og blått.

Ruta for kortesejen er: Frå Børneset, inn langs Fylkesvegen til Nedre Fet, Døsslandsido til Hauglandskryssen, ned på Kjærlandssido, inn gjennom sentrum mot Rød, snur ved nedkøyrsla til Bøkkerverkstaden og retur kvar til sin bustad.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Runar Myklebust