Ønskjer fleire bilde frå skuletida på Skorpo.

Arbeidet med neste bok i “Den nære fortida” går heilt etter planen. Mest alle artiklar er levert til Svein Rimestad for korrekturlesing, og han er ferdig med det han har fått i denne omgang. Nye rundar med korrekturlesing kjem etter at utkastet til boka er klart.
Siste tida har det pågått eit stort arbeid med å identifisera personar på bilde. På bilda denne gongen er det svært mange personar som skal identifiserast, og skriftstyret har hatt svært god hjelp av Torunn Kjærland, Bjørgulv Eik, Knut Steinsletten, Aud Isaksen Haugland, Pål Haugland, Martha Bakke, Trygve Haugland, Eva Myklebust og Åse M. Neset, Birger Myklebust, Pål Haugland, Leif Arne Døssland, Tone M. Helle, Einar Gjertsen, Asgeir Bjelland og Helga Fossheim. Skriftstyret er svært takksame for denne hjelpa. Det var mange namn som skulle på plass, og bilde som det ikkje blir plass til i boka, blir verdfullt arkivmateriale.
På bildet over drar nok dei fleste kjensel på den høgreiste keeperen med god rekkevidde, men kjenner de alle dei andre spelarane på laget?

Historielaget ønskjer alltid lokalhistoriske bilde. Vi er sikker på at det er mykje verdfullt materiale i skuffer og albumar rundt om i heimane. I samband med denne bokutgjevinga er vi spesielt interesserte i foto med tilknytning til skuletida på Skorpo. Der har vi litt lite. Dei som har bilde, blir bedne om å kontakta ein i skriftstyret. Astrid E. Haugland, Svein Rimestad, Torkel Stensletten, Harald Sætre og Thor Inge Døssland (tlf. 932 88 237, email: thordossland@gmail.com). Med tanke på bilde til bok 2 hastar det.

Vi tar også med eit gammalt fotballbilde nederst. Det er frå siste del av 1940-åra. Vi spør: Er det nokon som kan hjelpa oss med namnet på han som er nr.2 frå høgre i bakerste rekkje?

Kven er nr. 2 frå høgre i bakerste rekkje?
Tekst og nett: Thor Inge Døssland