I dag, på vetlejuleafta, kom flaumljosa på.
I dag, på vetlejuleafta kl. 09.00, vart flaumljosa på kyrkje sette på. Med bakgrunn i auka straumkostnader har ein venta med flaumljosa. Det gjeld for alle kyrkjene i Kvinnherad. Uskedal kyrkje fekk flaumljos i 1976 og sidan den tid har det kvart år vore ljos på kyrkja i advents- og juletida. Det er såleis fyrste året ein i solidaritet med energisituasjonen i landet har venta med tenninga. I fjor kom det ledljos, kosta av soknerådet. Det vart gjort for å redusera utgifter med straum. Flaumljosa står på til 2. nyttårsdag.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Øystein Enæs