Hyttestyret for Fjelly skriv i ungdomslaget si årsmelding at det har vore eit krevjande år med korona og nedstenging. Likevel er hytta brukt av familier i heile 12 helgar. Hytta er påbygd med skytja og lagerrom for utstyr. Meir enn 200 dugnadstimar er lagt ned i prosjektet. Kostnadene er dekka inn med gåve både frå Gjensidige stiftinga og SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad. Midlane er også brukt til innkjøp av motorsag, vedkløyvar og verneutstyr.

Med helikopter transport fekk hyttestyret all materiale på plass. Dugnadsgruppa hjelpte til med grunnarbeidet. Tilbygget skal også romma eit enkelt bad.

Styret har elles utført naudsynt vedlikehald. Det er lagt nytt golv i utedoen. Styret mottek stort sett positive tilbakemeldingar frå dei som brukar Fjelly. Det er von om betre tider med normal drift i 2021.

I arbeidsåret 2020 er det laga påbygg, ei skytja og lagerrom.

Desse er valde inn i hyttestyret:

  • Janne Yri
  • Anette Sund
  • Marian Hauso
Ny bru lettar tilkomsten til hytta.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal