«Mariamusik» er eit korverk laga av den svenske dirigenten og arrangøren Anders Öhrwall på 70-talet. Kring Maria møy er det ein del forteljingar av evangelistane, og endå fleire mytar i katolsk tradisjon. Dette har resultert i mange folkesongar om emnet i ulike land i Europa. Öhrwall har plukka av desse til ei forteljing frå Maria Bodskaps dag fram til Jesu liding.


Røysterett for alle hadde eit samarbeidsprosjekt med Rosendal Songlag i
2007 og 2008 med denne musikken. Røysterett lika verket så godt at me
gjerne vil gjera dette ein gong til. For tida har Røysterett for Alle same
dirigenten – Maria Malmsten – og då er det naturleg å ha samarbeid og.
Me byrja alt i vår å gå laus på stoffet, og hausten har vorte meir og meir intens.


Maria har skaffa gode musikarar til å akkompagnera verket, og me kjem til å framføra musikken 09.12. og 10.12. – Kvinnherad kyrkje fyrste gongen, og
Valen kyrkje andre. Dei to kora vil og syngja nokre julesongar saman og kvar for seg ved desse høva. Sussi Bodin har laga ikonet som er nytta på plakaten, og der kan de sjå meir detaljert om tid og stad. FØREHANDSSAL av billettar på SPAR Uskedalen

Tekst: Svein Rimestad
Foto/nett: Kristian Bringedal