Einebustad med adresse Beinavikjo 9 ligg ute for salg. Det er visning i morgon, sundag 3. august, kl. 15.30. Huset var fabrikkbustad og vart til vanleg kalla Tippehuset. Bygder med hermetikkfabrikk hadde slike fabrikkbustader. I Uskedal Historielag si årbok 3 kan du lesa ein artikkel skriven av Thor Inge Døssland om Hermetikkindustrien i Uskedalen, også om livet på Tippehuset.

Beinavikjo 9 ligg sentralt til med sjøutsikt og gangavstand til sentrum.

Einebustaden i Beinavikjo har eit bruksareal på 477 rutemeter går over fem plan. I huset finn vi tilsaman 14 soverom, 8 i 2. høgda og 6 i 3. høgda. Det er stor stove, kjøkken, gang og bad/toalett. I kjellaren er det mange lagerrom.

Tomta er på knapt eit mål. Det er tilkomst til strand. Huset ligg sentralt til med utsikt mot Skorpo, Storsund og fjella rundt Uskedalen. Det er gangavstand til butikk, skule, barnehage, aktivitetshus, idrettsanlegg og andre sentrumsfunksjonar.

Salssum: 3,7 mill. kr. I tillegg kjem andre kostnader.

Meglar er ASK eiendomsmegling v/ Vetle Godø Botnen.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Med løyve frå ASK eiendomsmegling