Tidleg i dag, laurdag morgon, rauk det frå pipa på Dønhaug. Humlepungen Bryggjarlag var klar for brygging av juleølet. Starten var faktisk for 25 år sidan, i eldhuset på bruk nr. 9 på Myklebust. Ole Jakob Albrethson frå Omvikdalen var med som instruktør. Seinare har bryggjarlaget vore aktive med fleire bryggingar kvart år. Bryggjarlaget i Uskedalen held seg til folketradisjonen med bryggjing som ein del av førebuinga til jul. Etter den kalde oppstarten på Myklebust for 25 år sidan der vatnet fraus, vart Magne Huglen sitt tun på Dønhaug plassen, slik det har vore i alle år fram til i dag. Det heile starta med 6 menn. Seinare har det kome til nye medlemer. I dag var fem bryggjarar på plass i Dønhaugkjedlaren.

Det vert silen lagt på plass, laga av hatlepinnar.


Humlepungen Bryggjarlag med eigne vedtekter gjorde eit pionerarbeid med å ta oppatt ein lang tradisjon med brygging. No er brygging ein hobby for mange. Med godt utstyr i lukka anlegg er ein mest sikker på å få godt øl. I
Humlepungen Bryggjarlag vert alt gjort på gamlemåten med mellom anna 100 liter i kjelen over open eld i grua.


Brygging er alltid ein sjansespel, men med åra har ein kome fram til langt betre kvalitet på ølet. Det har klar samanheng med auka kunnskap, betre reingjering og rett bruk av gjær og oksygen. Tidlegare bryggerimeister i
Valdemars i Bergen, Robert Smidt Hald, har vore rettleiar.


I komande veke står brygget til gjæring. Økslevekta skal ned på rett nivå. Så er det omtapping. Går alt etter planen er juleølet klart for opptapping om nokre veker.





Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kjell Magne Haugland