Hugs helselagsbasaren på søndag.
Søndag er det endeleg skikkeleg god, gammaldags basar i Helgheim igjen. Kl.16 er det klart for den tradisjonsrike basaren til Uskedal Helselag. Som vanleg er det både mange og fine gevinstar, og helselagsmedlemmene har selt lodd på førehand. I dag hadde dei rigga opp partyteltet utanfor Spar Uskedalen, og i tillegg til å selja lodd, baud dei også på gratis vafler til dei forbipasserande.
Då underteikna var innom dei, var det Karin Saghaug Kjerpeseth og Randi M. Nybakk som sytte for loddsalget. Seinare hadde Karin fått avløysing av Elin Legland.
Dersom det skulle vera nokon som uheldigvis ikkje har fått kjøpt lodd, treng dei ikkje fortvila. Det er berre å vippsa til 50 12 09(Uskedal Helselag) utover ettermiddagen, kvelden, natta og morgondagen så blir det ordna med lodd. Men aller kjekkast, og mest spennande, er det jo å ta turen til Helgheim søndag kl.16.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland