Hugs flagget på Frigjeringsdagen 8. mai.
I morgon, sundag 8. mai, er det Frigjeringsdagen, det som no også omfattar veteranane. Difor er det offisielle namnet: Frigjerings- og veterandagen. Dagen vert markert med kransenedlegging på minnesteinane ved Rådhuset og ved kyrkja i Husnes. I Uskedalen er tradisjonen å gjera dette på 17. mai med tale og blomenedlegging på Stemneplassen. Til veteranane høyrer alle som har vore i FN teneste og i fredsskapande oppdrag i utlandet. VI har mange frå Uskedalen på lista som har tenestegjort i FN teneste, alt frå Gaza på 1960 talet til Libanon og Kosovo i seinare tid. Hugs at vi heisar flagget i respekt og for freden.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal