Frigjeringsdagen 8. mai 1945 vart markert i Uskedalen med gudsteneste, folketog, talar og fredshelsingar. Mykje folk frå mange bygder var samla ved Helgheim der dei mellom anna fekk høyra talane til Churchill og Kong Haakon frå London. Alt ei veke etter, på 17. mai, var det på nytt stor tilskiping i Uskedalen med diktaren Ragnvald Vaage som hovudtalar.

Slik var det i 1945. I dag omfattar markeringa 8. mai også soldatar som har delteke i ulike FN- og NATO operasjonar etter siste verdskrigen. Det gjeld mellom anna dei som var med i fredsstyrkane i Gaza, Libanon, Korea, Serbia og Afghanistan. Soldatar i Tysklandsbrigaden 1947 – 1953 vert også rekna med.

I Kvinnherad vert 8. mai markert med kransenedlegging og tale ved krigsminnesmerke ved Rådhuset og ved Minnesteinen, Husnes kyrkje. I Uskedalen er denne markeringa lagt inn som ein del av 17. mai programmet.

På laurdag 8. mai kl. 08.00 går flagget til topps på Stemneplassen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal