Hugs at det er total bandtvang i Kvinnherad - uheldige hendingar på vegen til Kalkstasjonen.
Ein lesar bed oss gjera alle med hund merksame på at det er bandtvang i Kvinnherad. Møte med ei dame som går med hund fritt, utan band, har ført til fleire uheldige episodar. Særleg gjeld dette i høve til andre som går tur med hund og møter denne dama gong på gong.
Dette gjeld særleg på vegen til Kalkstasjonen på Haugland. Den lause hunden verkar skræmande på andre og mindre hundar.
Redaksjonen sitt syn er:
- Det hjelper lite at du trur at du har kontroll på hunden din. Det er den du møter som kjenner på om ein er trygg eller ikkje.
- Det hjelper lite om du orsakar deg og seier at dette går fint.
- Det hjelper lite å kasta ein pinne som hunden skal henta, for å avleda situasjonen.
- Ikkje noko hjelper anna enn å halda seg til vedtak i Kvinnherad kommune om bandtvang.
kb