Hugs at butikken er stengd mandag - torsdag.
Posten og PostNord er open.
Det har no pågått oppgradering av SPAR Uskedalen ei tid, og frå mandag til med torsdag vil det føregå arbeid som gjer at butikken må vera stengd.
Det vil bli investert ca 5 millionar for at dei skal bli meir berekraftig. Det blir nye kjølediskar, ny ventilasjon, ledlys, nytt kjøken og oppdatert profil. Alt dette gjer dei for å spara energi og miljøet.
Sjølv om butikken er stengd vil Posten og PostNord vera open.No gjeld det å planleggja handlinga for første del av veka og så gler vi oss til å komma og handla i “ny” butikk fredag 10. mars.
Tekst, arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland