Møyfrid Kristoffersen har sendt uttale i saka om ny skule- og barnehagestruktur. Møyfrid er mor til tre born. Alle er busette i Kvinnherad med sine familiar. Sju barnebarn går på skule eller i barnehage i kommunen. Møyfrid er samfunnsengasjert og har utdanning med relasjon til born, oppvekstmiljø og samfunn. Dette er uttale 1 i ein serie innlegg på uskedalen.no. om krinsgrenser og evt. samanslåing av skular og barnehagar. Les kva Møyfrid skriv i si fråsegn.

Storleiken på skular
I utgreiingar og i drøftingar så snakkar ein om små og store skular utan å definere kva konkret storleik det er ein snakkar om. Dette fører til at nokre tenker på små skular som skular med 5 elevar, medan andre tenker 50 elevar, og andre igjen andre tal.

Og det same når det gjeld store skular. Der tenker nokre at 150 elevar er ein stor skule, medan andre tenker 500. Ein bør såleis konkretisere kva ein snakkar om når det gjeld små og store skular, då dette gjev heilt ulike føresetnadar for drøftingane.

Nedlegging av skular
Dette er forhold som har vore føreslege gong på gong over mange år, og med fleire utgreiingar. Innbyggarane og politikarane har sagt nei kvar gong. I sosialt arbeid så har vi eit uttrykk som heiter når noko ikkje fungerer, prøv noko anna. Dette opplever eg ikkje at Administrasjonen gjer. Dei prøver igjen og igjen på det same; å få lagt ned skular, mot, etter synande, folket sin vilje.

Kvifor gjer Administrasjonen dette ? Kvifor vert det brukt store ressursar av innbyggarane sine midlar på noko som det så tydeleg er sagt nei til ? Når ein ønsker at noko skal bli gjort, så finn ein alltid argument for dette. Ein finn svaret først, og så argumenta. Slik opplever eg denne saka.

Skadeleg for kommunen
Det vil eg hevde at dei er, desse stadige forslaga om å legge ned skular i bygdene. Eg tenker her på den usikkerheita det skaper for familiane med barn som bur i kommunen, og på kor slitne foreldra og barna blir av dette. Eg tenker også på dei ungdomane som evt kunne tenkt seg å flytte tilbake og busette seg her. Vil dei flytte til eit lokalmiljø der det ikkje er ein skule, eller der det er usikkerheit om skulen blir lagt ned i nær framtid ? Kvinnherad treng fleire barn og ungdomar. Er det denne usikkerheita vi skal tilby dei ?

Eg tenker også på initiativ og engasjement frå den einskilde. Skal ein orka å bry seg med å gjere noko i denne bygda ? Skulen kan jo hende snart blir lagt ned likevel. Vi veit alle at i bygdesamfunna så har mykje sitt utspring i forhold kring skulane. Også som samlingsstad utanom undervisninga. Dette er ein tradisjon gjennom lange tider, og det er også slik i dag.

Mange lag og organisasjonar, og andre frivillige jobbar aktivt med å utvikle og betra
nærområdet sitt knytt til miljøet rundt skulen. Dette engasjementet blir naturleg nok også skadelidande når skular blir lagt ned og når trusselen om nedlegging heng over bygda.

Skuleskyss
Det er ei kjend sak at barna treng støtte til å vere meir fysisk aktive i kvardagen. Dette bidreg forslag om nedlegging av bygdeskular ikkje til. Tvert imot, den bidreg til mindre aktivitet, og samtidig at elevane vert slitne på ein negativ måte. Vi hadde ungdomar som gjekk på Vidaregåande på Husnes. Dette er ei strekning på 22 km,
og køyretid på 30-40 min kvar veg (inkl mange stopp for på- og avstiging). Ein av ungdomane våre nytta ofte tida til å sove til og frå skulen, og blei vekt av busssjåføren når han kom heim. For så gamle barn er dette ok, og perioden varte berre 3 år. Men for eit lite barn; frå dei er 5-6 år, er dette ikkje god omsorg.

Viser også til kva Nordlandsforskning seier om negativiteten for barna ved lang skuleskyss. (sjå Nordlandsforskning/skuleskyss, på internett).

Færre psykiske plager på bygda
Dette kjem fram i ein forskingsartikkel av Velferdsforskningsinstituttet NOVA, av 08.03.21. Ein svært interessant artikkel, som vart lagt ut på Kvardagsprat i Kvinnherad 14.03.21. I artikkelen skriv dei m.a. at dette var eit svært overraskande funn, og dei trur mogeleg forklaring kan vere at på bygda betyr skulestress mindre enn i byen. At bygda var prega av ro, lavt stressnivå og lite prestasjonspress. Kan dette ha med noverande skulestruktur å gjera ?

Kvaliteten på undervisning
Eg forstår det slik at der er skilnader i kvaliteten på undervisninga som barna får i dei ulike skulane. Kvifor kan ikkje kommunen istadenfor å legge ned velfungerande skular, heller jobbe for å auke kvaliteten i dei skulane som treng dette? At kommunen er meir konkret i jobbinga overfor den einskilde skulen, og ikkje jobbar så generelt som dette forslaget til skulestruktur legg opp til.

Skulebygga
Etter å ha følgd med gjennom media i mange år, så forstår eg at Undarheim skule treng ei stor oppgradering – evt ein ny skule. Eg synes det er kritikkverdig at kommunen ikkje har teke tak i dette utfrå den skulestrukturen vi har i dag, men i staden har gjort stadig nye utgreiingar med tanke på å få fleire elevar til denne skulen – før ein gjer noko med dei fysiske forholda. Heile strukturen i Kvinnherad treng ikkje å bli omvelta for at dei skal få eit tilfredsstillande skulebygg på Husnes.
I tillegg så forstår eg det slik at der er etterslep på vedlikehaldet på fleire skular. Eg reknar diverre med at dette også er som følgje av dei stadige forsøka på å få lagt ned skular. Ein lite heiderleg måte å gjere det på og eit dårleg oppfylt samfunnsoppdrag.

Forslag
Mitt forslag i høve skulebygga, er at ein set opp ein plan for vedlikehaldet, og straks
byrjar med dette. Ikkje vent på at det blir brukt enno meir pengar på ørkeslause og dyre utgreiingar for å legge ned skulane.

Barnehagar
Eg har merka meg at der er forslag om å legge ned barnehagar, samt også at der er forlite barnehagekapasitet på Halsnøy. Små barn treng enno meir ro og tryggleik kring seg. Og små barnehagar vil lettare kunne tilby dette. I tillegg kjem dette at Kvinnherad kommune er langstrakt, og foreldra går i jobb. Kvar jobbar foreldra, kvar er barnehagen, og kvar er skulen ? Ein småbarnsfamilie sin kvardag er som dei aller fleste av oss veit eit stort puslespel, med mange brikkar. Det betyr at kommunen må bidra med å legge til rette for at dette puslespelet er mogeleg å få til i den travle kvardagen. Skal foreldra køyre land og strand rundt for å levere, hente, gå på
møte, hente sjuke ungar, køyre til fritidsaktivitetar, så vil ikkje kvardagen gå i hop.
Desentralisert skule og desentralisert barnehage er naudsynt for dette.

Når det gjeld kvaliteten på barnehagar, så vil eg også be dykk kikke inn på FB:
På Kvardagsprat i Kvinnherad den 15.februar i år, der Atle Hauge har lagt ut ein film frå Uskedal barnehage, Liten barnehage rommer mykje. Filmen visualiserer svært godt tilbodet til barna, og dei fine muligheitene denne barnehagen har.

Personal
Eg forstår det slik at Kvinnherad kommune slit med å få nok kvalifiserte lærarar.
Som mange veit, så har eg fleire gongar tatt opp og skrive om forhold som gjeld personalpolitikken i kommunen. Eg har skrive om kommuneorganisasjonen sin viktigaste ressurs; dei tilsette. Om kor vanskeleg mange av dei har det i organisasjonen, kor lite ein kjenner seg verdsett som tilsett på golvet, og om kor lite fokus det er på forholda som gjeld denne ressursen.

Eg blir ofte kontakta av tilsette og andre, utifrå dette at dei veit og har sett at eg har skrive om personalpolitikken. Blant dei som har kontakta meg siste tida, er også to lærarar. Dei er ukjente for meg, men dei hadde lenge tenkt på å kontakte meg for å fortelje om sine opplevingar og situasjon. Dette er to personar med lærarutdanning og fleire tilleggsutdanningar innan faget. Dei ringte meg og fortalde om kor dårleg dei blei møtt av kommunen og at dei difor ikkje ønska å jobbe i denne organisasjonen. Dei hadde heller valt å pendle, og synest det er trist at det skal vere slik, for dei ønska eigentleg å jobbe i skulen i Kvinnherad. Men at dette er uaktuelt utifrå den personalpolitikken som vert ført.

Eg kjenner også lærarar som har valt å slutte i jobb, diverre i størst grad pga arbeidsforholda/korleis dei blir møtt av leiar/arbeidsgjevar samt også fleire lærarar som heller, enn å jobbe i Kvinnherad, vil pendle til andre kommunar. Så uansett kva skulestruktur det er i Kvinnherad kommune, så har arbeidsgjevar ein stor
påverknad på om vi får nok lærarkapasitet. Personar må bli møtt med både respekt og gode høve til deltaking i utforminga av skulekvardagen, dersom dei skal ønske å jobbe i kommunen/evt fortsette å jobbe i kommunen.

Til slutt og ikkje minst vil eg rå politikarane til å få med seg innlegg på FB, som har kome etter at saka blei lagt ut på høyring. Mange innbyggarar skriv der og eg håper dei også sender uttale til kommunen.

Forslag til sider kan vere Kvardagsprat. Tor Jarle Kjærland skriv om korleis det går med grendene ved sentralisering. Atle Hauge har hatt fleire innlegg. Kvinnheringen sine sider, og på Grenda sine sider. Inkludert her er viktige lesarbrev, frå ungdomar som sjølve veit kvar skoen trykker, og som har gitt sine klare og velgrunna innspel.

Tekst: Møyfrid Kristoffersen
Foto/nett: Kristian Bringedal