Vi er komne fram til høyringsuttale 7 i serien om uttale til endring av skulestrukturen i Kvinnherad. FAU skriv i si fråsegn at Uskedalen er ei levande bygd med stor aktivitet der skulen er eit naturleg samlingspunkt. Det vert synt til at Elevrådet ynskjer sterkt å få behalda skulen. I den samanheng er det viktig å syna til FNs barnekonvensjon nr. 3 der det vert presisert at i alle saker som rører ved born, skal ein ta omsyn til borna sitt beste. Les vidare kva FAU skriv:

Barnekonvensjonens artikkel 12 seier vidare at borna skal høyrast i saker som handlar om dei. Elevane ved Uskedalen skule synest dei har ein fin, trygg, nær og godskule. Dette syner også resultata frå den årlege elevundersøkinga.

Trygt skulemiljø
Ved Uskedalen skule er det i dag ca 100 elevar og i gjennomsnitt 15 elevar pr klasse. Det ermange føremon med mindre skular, mellom anna trygt og forutsigbart klassemiljø. Mindre klassestørrelse gjer også at læraren lettare legge til rette for kvar enkelt elev. Dette er viktig for alle elevar, og særleg viktig for barn med spesielle behov. Ved Uskedalen skule er det eit godt samarbeid på tvers av trinna og dette bidrar også til et trygt miljø for elevane både på skulen og i fritida.

Uteområde og aktivitetshuset
Uskedalen skule ligg fantastisk flott plassert. Vi har stranda 10 meter frå skulebygget somvert nytta til å lære elevane trygg ferdsel i og ved sjøen. Her har elevane utandørs symjeundervisning til seint på hausten. Fjella rundt skulen vert nytta til turar for alle elevane kvar einaste veke året rundt.

Skulen ligg har et flott aktivitetsområde, med kunstgrasbane og klatrepark. Vi har og eit flott aktivitetshus med idrettshall og innandørs klatrevegg. Ei prosjektgruppe jobbar med utviding av aktivitetshuset slik at det får fleire bruksområde både for skulen og for folk i bygda. I planen er det mellom anna vist til dårleg kvalitet på uteområda. Dette kjenner vi oss ikkje igjen i ved Uskedalen skule og kommuneleiinga er hjarteleg velkomne til skulen vår for å sjå det flotte uteområdet.

Skulevegen
I dag kan dei fleste elevane ved Uskedalen skule gå eller sykle til skulen. Dette er helsefremjande og i tråd med Regional plan for folkehelse. Langs ein trygg skuleveg lærer ungane å ferdast i trafikken og dei blir kjende med å ferdast i nærmiljøet. Ved ei eventuell nedlegging blir det mange elevar som må fraktast langt. Mange busstopp vil ha mange elevar ved haldeplassane. For dei minste barna kan det være ein belastning å reisa langt med buss og vi er redd dette kan skapa utrygge born som vegrar seg for å gå på skulen.

Skulestart
Dei to barnehagane i Uskedalen scorar kvart år spesielt høgt på spørsmål om overgang frå barnehage til skule i foreldreundersøkinga. Dette skuldast et særs godt samarbeid mellom dei to barnehagane og skulen. Uskedalen barnehage ligg i same bygg som skulen og barnehagen nyttar både gymsalen og andre rom på skulen i arbeidet med å forberede barna på overgangen til skule. Resultatet er at borna er trygge i skulebygget allereie frå fyrsteskuledag.

Attraktiv bygd
Uskedalen er i dag ei levande bygd med mykje aktivitet. For at det framleis skal vera slik framover, er det viktig at vi får folk til bygda. Ein god nærskule, ledige tomter, varierte fritidstilbud er blant faktorane som gjer at Uskedalen er attraktiv for tilflytting.

Framleis skule i Uskedalen
Vi ynskjer å ha ein god skule nær der vi bur også i framtida. FAU ved Uskedalen skule håper at framtidas skule i Uskedalen framleis vert drifta av kommunen.

Vennleg helsing FAU ved Uskedalen skule.

Tekst: FAU v/ Uskedal skule
Foto/nett: Kristian Bringedal