Klubben ved Uskedal skule sender høyringsuttale til planen om oppvekstkår i Kvinnherad. Klubbleiar er Rannveig Fjell Helleland. Rannveig har heile sitt yrkesaktive liv vore lærar, mellom anna med tenestetid frå Bringedalsbygda skule og no i mange år på Uskedal skule. Les kva klubben skriv i si fråsegn:

Me forstår at det kan vera trong for å sjå på skulestrukturen. Me kan og forstå at ein vil verta ferdig med dette arbeidet som ein har hatt oppe så mange gonger. Uskedalen skule er ein skule med mange gode kvalitetar. Her ligg skule og barnehage i same bygg, dette gjev gode og trygge overgongar mellom skule og barnehage.

Skulen har eit fantastisk uteområde med klatrepark, kunstgrasbane, bordtennisbord og stort leikeområde med ulike leikeapparat. I tillegg er her og mange fine turmål, både for kortare og lengre turar. Desse områda vert brukte kvar veka til utedagar og gymturar.

Klassane våre er mellomstore og det er godt samarbeid mellom klassane og trinna. Skulen har også kvalifiserte og engasjerte lærarar.Skulen og uteområdet er godt tilrettelagt for funksjonshemma, med alt på eit plan og ingen trapper ute eller inne. Elevane kjenner alle dei vaksne på skulen og er trygge på dei.

Me kjenner oss ikkje att slik små og mellomstore skular vert framstilte i saka.

Klubben v/ Uskedal skule

Tekst: Rannveig Fjell Helleland
Foto/nett: Kristian Bringedal