Odd Steinar Arnesen har dei siste åra vore rektor på Uskedal skule. Før det var han lærar på den same skulen. Arnesen har markert seg i fotballen, både som aktiv fotballspelar, oppmann og som trenar. Han er med i prosjektgruppa Gull av grus. Odd Steinar har også over fleire år vore med i leiinga for Festidalen. På postlista til Kvinnherad kommune finn vi tre fråsegner som enno ikkje er publiserte på uskedalen.no.

Fyrst og fremst vil eg sei at denne planen har eit alt for stort fokus på at det må byggjast nye storskular. Slik eg tolkar utfordringsbiletet som vert skildra i handlingsdelen, så er det slett arbeid vi driv på med på skulane i dag, samtidig som både bygg og uteområde er av svært dårleg kvalitet. Eg kjenner meg ikkje att i noko av dette. Utfordringsbiletet er og fokuset i den svært mykje omtala filmen som er lagt ved planen. Filmen er etter mitt syn rein propaganda for storskule.

Kvaliteten i alle skular kan heilt sikkert bli betre, det kan vi på alle område uansett kor stor skule ein har. På skulen vår arbeider vi systematisk og målretta for at vi kvar dag skal gje elevane våre den best moglege opplæringa, fagleg og sosialt. I Uskedalen har vi ei roleg og kjekk elevgruppe, der vi har minimalt med utfordringar med omsyn til det sosiale. Resultata på dei nasjonale prøvane varierer noko frå år til år, men vi held oss stort sett rett over/under landssnittet.

Dei tilsette held seg oppdatert og tileignar seg ny naudsynt kunnskap innafor ulike fagfelt. Fram mot 2025 vil fleire ta etterutdanning i mellom anna baisasfag og begynnaropplæring, noko som vil auka kvaliteten i heile skulen vår.

Om ein tenkjer på Uskedalen skule som ein liten skule, og det gjer ein i dette plandokumentet, så ser eg at eg skal ha ei kjensle av å vere åleine. Det har eg altså ikkje. Eg har mange rektorkollegaer eg kan støtte meg på og eg får god hjelp av rådgjevarane våre ved sektorkontoret. Men fyrst og fremst har eg gode kollegaer på skulen vår. Sjølv om eg er åleine i leiinga så dreg vi lasset saman, og eg har ikkje ein dag hatt ei kjensle av at dette har vore ein einsam jobb.

Skulen i Uskedalen har eit fantastisk uteområde. Sjølve skuleplassen er stor og inneheld fleire store leikeapparat som gjev elevane våre varierte fysiske utfordringar. I tillegg har vi ein kunstgrasbane og klatrepark som elevane har tilgang til i alle friminutt og i alle timar med fysisk fostring. Ved skulen vår har vi stort fokus på fysisk aktivitet. Vi har ei skuleløype som alle elevane nyttar fleire gonger i veka. Vi har og mange velvillige grunneigarar som let oss nytta ulike uteområde til både leik, aktivitet og til å gå turar. Samarbeidspartnarar som Kvinnherad Vekstbedrift, Uskedalen Helselag og Spar Uskedalen støttar oss kvart år slik at vi t.d. kan reisa på Tinestafetten og ha elevkantiner. Eit slikt lokalt samarbeid er ein av styrkane til bygdeskulane våre, og vil bli vanskelegare om vi samlar alle elevane på nokre få storskular.

Sjølve skulebygget fekk for nokre år sidan nye yttervegger. Klasseromma våre er store og romslege, og elevane fekk for eitt år sidan renovert elevtoaletta. Vi har i tillegg mange rom som gjev oss moglegheit for å nytta moderne og tilpassa undervisningsmetodar. På skulefritidsordninga ved skulen deltek det kvar ettermiddag rundt 20 elevar. Dei nyttar eigne rom til ulike aktivitetar, men har i
tillegg tilgang til idrettshallen og uteområda til skulen. Sjølvsagt vil det heile tida vera behov for vedlikehald, det vil det vera med alle bygg. Når det er sagt, så må eg sei at eg stiller spørsmål til korleis ein har kvalitetssikra dei kostnadane som er skissert når det gjeld kva dette vedlikehaldet vil kosta. Noko av dette meiner eg er prisa alt for høgt.

Skulen har dei par siste åra fått eit godt samarbeid med andre etatar i kommunen som t.d. PPT og skulehelsetenesta. Vi har månadlege samarbeidsmøter med PPT, der vi drøftar arbeidet vårt bådemed omsyn til arbeid med enkeltelevar, men og korleis vi kan forbetra undervisninga vår. Skulehelsetenesta kjem no stort sett til oss ein dag kvar veke. Her vert dei årlege rutinane med omsyn til oppfølging av borna ivareteke, samtidig som det vert opna for at elevar som treng snakka om tankar og kjensler får moglegheit til det. Dette er ordningar som fungerer godt, og som kan fortsetja med å fungera godt sjølv om vi opprettheld skulestrukturen.

Det er og viktig å ta med at vi har eit veldig godt samarbeid med barnehagane i bygda. Dette sikrar borna ein trygg og god overgang frå barnehage til skule. Vi har samlingar med skulekameratar og fadrar (elevar i skulen) ein gong i månaden året før skulestart. Barnehagane nyttar og skulebygget, og då spesielt idrettshallen, til dei aktivitetane dei ønskjer.

Når det gjeld heildagsskule, så tenkjer eg at det er noko som til dels har vore prøvd før (ref. Rosendalsprosjektet) utan særleg hell. Tanken om at vi skal pressa mest mogleg inn i skulen vert etter mi meining feil. Ungane treng den pausen dei får frå skuleslutt til eventuelle aktivitetar dei skal delta på om ettermiddagen/kvelden. Det vil og bli utfordrande å trekkja til seg frivillige lag ogorganisasjonar i denne tida, då dei fleste vaksne, som fungerer som trenarar og liknande, er i arbeid på dagtid.

Oppsummert så meiner eg at Uskedalen skule har livets rett. Vi har mange engasjerte og kompetente lærarar og fagarbeidarar som kvar dag gjer sitt beste for at alle elevane våre skal ha det bra og lære best mogleg. Vi har eit godt skulebygg med mange moglegheiter for å leggja til rette for god undervisning, og vi har eit framifrå uteområde. Samarbeidet med barnehagane er veldig godt, og vi gjev borna i bygda ein god og trygg overgang til skulen.

Eg meiner difor at vi bør oppretthalda store deler av den strukturen vi har i dag. Men då må dei økonomiske rammene justerast deretter. Det vil vera feil å oppretthalda strukturen slik den er i dag om ikkje politikarane våre løyver pengar til det. Slik det er no så har det over fleire år vore kutt i rammene våre, og grensa er no nådd.

Tekst: Odd Steinar Arnesen
Foto/nett: Kristian Bringedal