Uskedalen.no held fram med presentasjon av innkomne høyringsuttalar, registrert på kommunen si postliste. Thor Inge Døssland er til vanleg lærar på Vaksenopplæringa. Han er samfunnsengasjert og skriv ofte innlegg i media og på Facebook. Mange kjenner Døssland som fast skribent på uskedalen.no. Les fråsegna til Thor Inge Døssland.

Eg ønskjer å koma med nokre innspel til saka. Eg har ikkje gått gjennom heile planen, men eg har fått info gjennom begge lokalavisene. Dessutan meiner eg å kjenna Kvinnheradskulen godt etter å ha jobba i grunnskulen i Kvinnherad i rundt 30 år. (Rosendal ungdomsskule, Husnes ungdomsskule og Undarheim skule.)

For meg verkar det som om Nordconsult og andre som står bak utarbeiding av planen, har hatt liten kunnskap om Kvinnheradskulen og barnehagetilbod i dag, og dei lokale tilhøva. Eg skal gje nokre grunnar for det.

  • Den velkjende teiknefilmen skal eg ikkje kommentera så mykje, men den beskriv dei nedleggingstrua mellomstore skulane så langt frå realitetane som det er mogeleg. Det vil eg tru dei aller fleste ser. Det er eit partsinnlegg som ikkje høyrer heime i ei saksførebuing som skal takast på alvor.
  • Nordconsult seier i oversikten Status og utfordringsbilete sett utanfrå at dei nedleggingstrua skulane har: Delvis ‘fattige’ uteområde. Dette er så feil som det kan vera, for dei fleste av desse mellomstore skulane. Ved mange av dei har det, ved hjelp av stor dugnadsinnsats av foreldre og lag, blitt opparbeida fantastiske aktivitetsområde! Det er svært respektlaust å omtala dette slik. Eg kjenner Uskedalen best, og brukar det som døme. Der er mange og varierte leikeapparat, klatrepark, kunstgrasbane, hytte, strand like ved som gjer det mogeleg å ha mykje utviklande uteskule. I tillegg er det mange turløyper i nærområdet som vert brukt flittig av både barnehage og skule. I fleire av desse er det bygd lavvoar og gapahukar som vert mykje brukt. I tillegg har dei også Aktivitetshuset som er bygt på dugnad, og no er det spennande planar om klatretårn som ein del av eit klatresenter i tilknytning til Ulvanåso. Andre mellomstore skular har også flotte uteområde. Eg har vanskeleg for å sjå at storskular kan erstatta noko liknande. Heilbom frå Nordconsult! Gjennom aktivitet på skulen vert det også naturleg for barna å bruka desse tilboda på fritida.
  • Bygdeskulane gjer at foreldre og elevar får eit spesielt eigarforhold til skulen og barnehagen. Dette har resultert i utallige dugnadstimar frå foreldregruppa og lag. Dette viser att i m.a. uteområda som det hadde vore umogeleg å byggja opp utan denne dugnadsinnsatsen. Ved å samla elevane i storskular vil denne dugnadsinnsatsen gå tapt. Det vil vera betydelege tap, også økonomisk, for kommunen.
  • Det nære forholdet til bygdeskulane gjev og muligheter for eit betre heim – skule-samarbeid. For mange elevar er det behov for meir enn dei få faste møta mellom lærar og foreldre/elev gjennom året. Dette er lettare å gjennomføra når behovet er der med nærleik til skule/barnehage.
  • Det vert hevda at med store skular vil ein få eit større og meir stabilt fagmiljø blant lærarane. Eg trudde erfaringane i Kvinnherad var at det er større gjennomtrekk av tilsette ved den største barneskulen enn ved dei mellomstore? Tek eg feil?
  • Å måla utviklinga til elevar veit vi er både samansett og vanskeleg. Nokre av dei som ikkje har jobba i skulen, har stor tillit til nasjonale prøvar. Vi veit at desse fortel lite om utviklinga til elevane, og at dei blir gjennomført ulikt frå skule til skule.
  • For å få god læring, er trygghet viktig. Dette meiner eg elevane får ved oppvekstsentermodellen som vi har i Uskedalen og andre bygder med trygg overgang frå barnehage til ein mellomstor skule i det same området.
  • Mange av skulane, som er føreslått nedlagde, har eit særs godt elevgrunnlag for å gje eit godt pedagogisk tilbod. Elevtalet vil alltid gå i syklusar. I Uskedalen til dømes har tilgangen på byggeland hatt stor innverknad på dette. Før oppstarten i Korsnes byggefelt hadde vi ein betydeleg nedgang. Byggefeltet gav ein solid oppsving. No har vi hatt ei tid med liten tilgang på byggeland og bustad. Det gir sjølvsagt utslag. No er det stor aktivitet i Ospelunden, og vi vil hausta fruktene av det framover. Berre sidan nyttår veit eg at det er flytta inn to tilflyttarfamiliar med 4 barn under skulealder. Det kan verta fleire. Det blir i følgje utbyggar stor aktivitet utover dette året.
  • For elevane ved Malmanger og Undarheim er eg også ganske sikker på at større skular ikkje vil vera ei forbetring av det pedagogiske tilbodet deira.
  • Eg syns også at det er merkeleg at storskulen for indre luten blir plassert i Rosendal i planforslaget. Dersom ein tenker på litt lengre sikt, burde elevane frå Maurangerområdet fått tilbod om skule i Odda. Det må gå an at dei to nabokommunane gjer avtalar om dette. Trygg og kortare skuleveg, og på fritidsaktivitetar vil det vera lettare for dei å trekka mot Odda. Elevane frå Gjetingsdalen går vel i Jondal? Dermed vil eit klart fleirtal av elevane ved noverande Malmanger skule komme frå området Seimsfoss – Skåla. Det vil vera heilt unaturleg og korttenkt å plassera den nye storskulen i yttergrensa av krinsen. Etter mitt syn er Omvikdalen ei langt meir naturleg plassering.
  • Ved sentraliseringa vil framkomstmiddelet på skulevegen bli til dels lange, passiviserande, slitande bussturar. Med noverande struktur kan svært mange gå/sykla til og frå skulen. Dette er viktig moment i ei tid der mange born er mindre og mindre fysisk aktive.
  • Når det gjeld skuleskyssbehovet ser det ut som det også er lite gjennomarbeidd i planen. Det gjeld både økonomi og tidsbruk. Vi veit alle at det må reknast inn stopp, hindringar og at ein ikkje alltid kan halde høgste tillatte fartsgrense. Det går ikkje å setja tider ut frå eit kart!
  • Eg har også reagert på dei estimerte busstidene. Bussreisene vil i praksis ta betydeleg lengre tid. Av erfaring veit vi at skulebussar har både mange stopp og venting. I planen ser det ut til at dei berre har sett på kart, brukt maks. fartsgrense, ikkje teke omsyn verken til stopp eller vegstandard/føre. Kort sagt: Dei har kjørt buss på skrivebordet.
  • Eg trur dei aller fleste ser at det ikkje er noko god løysing å senda 6 åringar med med buss frå t.d. Fjellandsbø innst i Uskedalen (der eit ungt par no er busett) tidleg om morgonen for å få dei heim att etter heildagsskule på Malmanger langt ut på ettermiddagen.
  • Eg har for liten grad nemnt barnehagestrukturen i punkta mine. Der meiner eg at det er heilt avgjerande med god barnehagedekking i alle bygder for å sikra busetting. God tilrettelegging for travle småbarnsforeldre er heilt avgjerande for å sikra at dei buset seg i bygdene. Småbarnforeldre flyttar ikkje til Kvinnherad utan at dei får barnehageplass i rimeleg nærleik.

Tidlegare såg eg at det var nødvendig å gjera noko med skulestrukturen. Då var det snakk om å legga ned småskular. Det er det ikkje no. Det er føreslått å leggja ned velfungerande, mellomstore skular med eit godt pedagogisk og sosialt tilbod, og så langt eg kjenner til har desse skulane godt kvalifisert personale. Tidlegare meinte eg at små(fattige) sosiale og faglege miljø tala for skulenedleggingar. Dette gjeld slett ikkje skulane som no er føreslått nedlagde. Desse mellomstore og godt fungerande skulane høyrer til ein heilt annan kategori.

Eg er svært redd for, og overbevist om, at kommunestyret vil skapa sovande bygder dersom dei går inn for eitt av dei to nedleggingsalternativa. Det kan ikkje vi som innbyggjarar godta! Eg trur og håpar at kommunestyret ser det same.

Tekst: Thor Inge Døssland
Foto/nett: Kristian Bringedal