I administrasjonen sitt framlegg til ny skule- og barnehagestruktur blir det føreslege at talet på skular skal reduserast frå 15 til 7, og talet på barnehagar frå 11 til 4. Det er meir enn tydeleg at det er sentraliseringstanken som rår, og at kommunen ikkje lenger skal leggja til rette for desentralisert busetnad og levande bygder. Forslaget inneber ikkje berre ei rasering av mange velfungerande skular, det er like mykje ei rasering av bygdene der desse skulane og barnehagane er. Denne fråsegna er skriven av Svein Aksel Sunde, med over 40 års tenestetid ved Uskedal skule.

Konsulentbruk
Som ein del av saksframlegget har kommunen hyrt inn Norconsult til å laga ein rapport om korleis det står til med skular og barnehagar i Kvinnherad i 2021. Selskapet Zoaring blei hyrt inn for å laga ein animasjonsfilm som byggjer opp under rapporten frå Norconsult. Mandatet deira må ha vore å skapa eit så einsidig negativt bilete av skulane og barnehagane våre som mogleg, både bygningsmessig, med store vedlikehaldsetterslep, dårleg funksjonalitet, dårlege elevresultat, manglande lærarkompetanse og til slutt elendige leike/uteområde. Det har dei greidd svært godt. Eg er forundra over at administrasjonen ikkje har hatt evne eller vilje til å balansera denne framstillinga, for alle på rådhuset veit at framstillinga er feil. Det veit også alle vi andre som følgjer litt med. God forvaltningsskikk tilseier at kommunen (administrasjonen) skal konsekvensutgreia og vektleggja alle sider av ei sak, også dei sider som strir mot administrasjonen si tilråding. I denne saksframstillinga har dei vore så blinda av storskuletanken at dei ikkje ein gong har prøvt.

Rangering etter NP og PISA
Etter å ha arbeidd i grunnskulen i Kvinnherad i meir enn 40 år meiner eg å ha rimeleg god kjennskap til skulen frå innsida. Noko som alltid har forundra meg er at folk som ser skulen frå utsida, og ikkje har noko anna erfaringsgrunnlag enn sin eigen skulegang, kan uttala seg skråsikkert om noko så komplekst som innhald og læring i skulen. Dei peikar på Nasjonaleprøver og PISA og vurderer skulane ut frå resultata der. Desse prøveresultata fortel svært lite om innhald og kvalitet, og dei seier lite om elevane si utvikling. Her er det veldig mange faktorar som spelar inn, ikkje minst korleis desse prøvane blir gjennomførte. Vi veit at mange skular har eit veldig stort fokus på NP, og drillar elevane på slike prøvar i månadsvis for å få gode resultat. Likeeins veit vi at nokre skular «fritar» fagleg svake elevar frå NP for å få eit høgare snittresultat. Skular, som brukar mykje tid på slik drill, må prioritera bort anna viktig undervisning. Det er ille når skulane blir direkte samanlikna og rangert ut frå resultata på NP. Det gir eit upresist bilete av kvaliteten på undervisninga og utviklinga til kvar enkelt elev.

Status i dag – ei motvekt til den negative framstillinga frå Norconsult
Vi har i dag ein trygg og god struktur med velfungerande skular og barnehagar. At skulebygga ber preg av manglande vedlikhald er ikkje eit argument for å leggja dei ned. Alle dei nedleggingstrua skulane våre har gode uteområde med nærleik til både skog, fjell og sjø. Omvikdalen skule er ein av dei mest velfungerande skulane vi har. Med nytt stort byggefelt berre nokre steinkast frå skule og barnehage, ligg alt til rette for at barnefamiliar skal kunna etablera seg der, og mange har alt gjort det. Det same kan seiast om Uskedalen. Knapt nokon anna bygd i Kvinnherad har hatt større utbygging av nye bueiningar siste 10-året. Begge desse skulane har unike nærområde med gode høve til varierte aktivitetar. Uskedalen har i tillegg eit flott idrettsanlegg ute, og stor idrettshall med klatrevegg. Sunde skule har kanskje det mest unike uteområdet i kommunen. Flotte turløyper i nærområdet, Trollskogen, som er eit fantastisk leike-og aktivitetsområde, berre kort avstand frå skulen og barnehagen. I tillegg har skulen eige opplegg for kanopadling, sjø og fiske, og ikkje minst kystkultursenteret som næraste nabo. I tillegg har alle desse tre skulane barnehage vegg i vegg, noko som sjølvsagt er viktig for 6-åringane når dei skal over i skulen. Skulane i Herøysund, på Valen og Skarveland er på same vis velfungerande skular med flotte uteområde. Alt dette står i grell kontrast til den mykje omtalte animasjonsfilmen og rapporten frå Norconsult.

Mellomstore skular
Dette er ikkje små skular med lave elevtal. Det er mellomstore skular. Både Uskedalen, Sunde, Valen og Omvikdalen skular har elevtal på omlag 100 inneverande skuleår. Bringedalsbygda og Skarveland er firedelte skular med 55 elevar kvar. Om elevtalsprognosane går noko ned dei komande åra, vil dette likevel vera funksjonelle og gode mellomstore skular.

Skulen – livsnerva i lokalsamfunnet
Nærskulane våre er kvalitetsskular for borna som går der og for lokalsamfunna dei er ein del av. Skulen er sjølve limet i ei bygd, og det kan knapt gjerast eit meir negativt vedtak enn å fjerna skulen frå eit lokalsamfunn. Det råkar samfunnet si livskraft og overlevingsevne. Vi veit og at små og mellomstore skular ofte ligg i toppen, både fagleg og sosialt. Det finst ingen fornuft i å riva ned denne strukturen og bruka hundretals millionar på å byggja nye store skular, for deretter å køyra ungane milevis til og frå skulen kvar einaste dag, år etter år. Forsking viser også at elevar som må køyra buss 1 time eller meir dagleg over fleire år, har store sjansar for å få varig helseskade. Sett i eit miljøperspektiv bør også auka transport langs vegane våre vera til ettertanke.

Konsekvens
Nedlegging av nærskular kan på ingen måte forsvarast, korkje pedagogisk eller av samfunnsomsyn. Skule og barnehage i nærmiljøet er avgjerande for gode oppvekstvilkår, identitetsbygging, framtidstru og busetnad. Barnefamiliar og næringsliv etablerer seg ikkje i lokalsamfunn utan skule og barnehage. Den verkeleg kostnaden av ein slik politikk viser ikkje att i kroner og øre på kommunebudsjetta. Det er den samfunnsmessige kostnaden som blør, og den kan på sikt bli veldig stor. Sentraliseringspolitikk fører alltid til at distrikta forvitrar, og vi får ei demografisk endring som etterkvart fører til utdøyande bygder. Den langstrakte kommunen vår treng levande og livskraftige lokalsamfunn med nærleik til skule og barnehage. Då må det og leggjast til rette for det.

Konklusjon
Etter stadig nye rundar om nedlegging av skular og barnehagar er det no på tide å la folk i bygdene våre få fred frå desse trugsmåla. Etter mi meining, og veldig mange andre si meining, er konsept 0 det einaste fornuftige alternativet. Behald strukturen slik han er i dag, og bruk naudsynte midlar på vedlikehald og oppgradering av eksisterande bygningar.

Redaksjonen gjer merksam på at administrasjonen har etter høyringsfristen var ute, endra si innstilling i saka. Vi vil likevel presentera alle fråsegnene slik dei er skrivne og er registrerte på postlista.

Tekst. Svein Aksel Sunde
Foto/nett: Kristian Bringedal