Eit hol i vegen på Øvre Musland, som kunne ha vore farleg for born og andre, er utbetra. Det vart gjort etter ei formell melding til Kvinnherad kommune med brev som kom på postlista. Holet var ikkje stort, men stort nok om ein køyrde eller trakka oppi. Særleg skummelt var det for born med sykkel eller sparkesykkel. På nedsida av vegen er det dessutan høgt utføre. No er vegskaden utbetra. Det vart gjort for to dagar sidan.


Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Møyfrid Kristoffersen