Store tømmermengder vert i desse dagar teke ut i Kleivadalen og Andersdalen. Hogstfeltet er utvida og tre nye grunneigarar er komne til i tilegg til dei seks som var med frå starten. Det er skog i utmarka tilhøyrande bruk nr. 9, 14 og 17 på Myklebust. Skogsmaskinane tek seg fram i den bratte lia og tømmeret vert samla på velteplass i arealet ved den gamle Rødsvegen i den ytterste delen av bustadfeltet i Ospelunden, før det vert lasta og køyrd til tømmerkaien på Børneset. Bilete på topp syner tømmer i velter i Andersdalen.

Hogstmaskinane tek seg fram i terrenget. I den brattaste lia vert det brukt motorsag.

Det er Nortømmer som har hovudentreprisen. Dimmelsvik Hogst gjer jobben i felten. Prisen er god på tømmer fortida og kvaliteten er god. Maks uttak ligg på godt over 5000 kubikk. Med utvida hogstområde kan talet koma opp mot 10 000 kubikk. Heile hogstområde ligg til gardane Myklebust og Dønhaug. Nett no pågår sjølve fellinga i den bratte lia med motorsag før maskinane hentar fram tømmeret for kvisting og kapping i høvelege lengder. Det meste er gran, men også noko lerk.

Utmarka med mange grunneigarar er merka med GPS, men også med fysiske merke i lende.
Utmarkagrensene er GPS festa, men det vert også brukt fysiske merke i lende.

Etter hogsten i Kleivdalen og i lia mot Ådnaklett vil ein gå på inn mot grensa til Rød.

All utskiping går med båt over tømmerkaien på Børneset.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal