Det vert ei vanskeleg økonomisk tid for lag og organisasjonar dersom straumprisane held fram som no. Regjeringa si straumstøtteordning gjeld for private hushaldningar og næring, ikkje for frivillige lag med eigne hus. I Uskedalen gjeld det for Uskedal ungdomslag ( Helgheim ), Haugland og Musland Grendalag ( Vonheim ), Indremisjonen ( Bedehuset ), Uskedal Friluftslag ( Stemneplassen ) og Uskedal Utvikling ( Gamleskulen ).

Det føreligg tal og dokumentasjon frå Uskedal Ungdomslag. Om ein samanliknar kostnadene oktober – desember 2020 og 2021 er straumprisen tre dobla. I desember i 2020 fekk ungdomslaget ein faktura på kr. 1.600,-. I år er rekninga på kr. 5.800,-. ( Avrunda til heile hundretal ). Då er nettleige og andre kostnader rekna med. For november 2020 og 2021 er tala slik: kr. 1.700,- og kr. 4.400,-. Oktober: kr. 1.400,- i 2020 – kr. 3.100,- i 2021.

Anita Enæs, leiar i Uskedal ungdomslag, fortel at det som gjer det ekstra vanskeleg er manglande inntekter i ei koronatid med mindre aktivitet og mest ikkje utleige. Ungdomslaget er difor takksam for koronastøtte frå SpareBank 1 stiftinga Kvinnherad og frå Sparebanken Vest,- dette i tillegg til den gode responsen på Spleis.

Derssom det held fram slik, vil lag og organisasjonar med eigne lagshus få store problem med å halda opp drifta. Det seier seg sjølv at auka kostnader og reduserte inntekter går ikkje i lengden. Uskedalen.no er kjend med at det vert arbeidd med å finna ei løysing både lokalt og nasjonalt.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal